I dag har vi hatt nokre prosjekt på gang i tillegg til husvask. Frøkna i huset har gitt faren beskjed om at han like godt kan gje alle kleda sine til dei fattige og kjøpe seg nye. I dag gjekk to sekker til Ukraina.
Medan han styrte med det, var vi innom apoteket. I tillegg til ærendet vårt der, kjøpte vi litt småtteri, noko av det til oss sjølve. Såpa og handkremen står ikkje i plast, men i noko knuseleg. No i desse handvasketider er det praktisk å ha handkrem ved sida av såpa.Sennepen kjøpte eg mest på grunn av krukka må eg tilstå. No håper vi at den er god på smak.
I ettermiddag/kveld har Øystein halde foredrag om boka si på folkehøgskulen i Ulsteinvik. Tidlegare i veka ringte ein kar, og det var tilfeldigvis eg som tok telefonen, for å presisere at eg var invitert med. Han lokka med hyggeleg selskap og god mat. Så eg takka ja.
Slik går dagane her.
4 kommentarer:
Mykje artig på apoteket viss ein tek seg tid å studere. Godt at jenta i familien ruskar litt i faren sin slik at han får seg nye kle! Takkar for gode tips og oppskrifter. De gled dykk vel til å få heim dei 2 eldste til jul no.
Eidabesta
Eg kjøpte ei krukke sennep ifjor-du kan godt få overta den også......Say no more.
Hei! Ville bare si i fra at jeg brukte et bilde fra bloggen din, av den Irske stuingen. Håper det går fint. Linket til din blogg. Hilsen Kine
Folk må berre låne bilde! Avisa fekk låne eit frå julegrantenninga på Hareid. Det var då eg fekk ein ide om at eg kanskje skal tenke på å kjøpe meg speilrefleks igjen.
Neste helg er alle heime her. A kjem seint laurdag, og E reiser vel "tidleg" søndag.
Her gjeld det å ete sennep, forstår eg.
Legg inn en kommentar