fredag 25. desember 2009

1. juledag


I dag er dagen for å slappe av og nyte livet.  Vi har bøker, filmar, kaffi og kaffimat som vi kan kose oss med til langt ut på nyåret.   Ei av kokebøkene er allereie i bruk.  Viss desserten vert vellykka, kjem han nok både på bloggen, og til Ørsta i morgon.

På menyen i dag står det lutefisk og restar frå i går.  Det er framleis mannen i huset som kokar.

Elles kan eg konstatere at vi har fått Noregs mest kjøpte/populære(?) julegåve.  Gjevaren har ikkje vore ute i siste liten.  Dette var noko eg verkeleg ønska meg.

4 kommentarer:

Besta sa...

Ny borddekking kvar dag!!!
Du. Eg SA at du ikkje skulle ha med deg noko i morgon. Vi har NOK mat.

solveig sa...

Eg veit kva du sa, men eg er blitt ulydig på mine gamle dagar;-)
Eg har laga to skåler med aprikosfromasj, så ei skål vert med innover for kvalitetssikring.

arieldog sa...

Sånn kopp fekk eg òg! Tusen takk for alle fine gåver - ungane tok i bruk pysjane i løpet av julekvelden...

Anlen sa...

Ha ei god jul vidare!!