søndag 31. januar 2010

Naanbrød - andre forsøk

I dag laga eg naanbrød av resten av surmjølkspakken.  I staden for 6 små, laga eg 8 litt større.  Likevel synest eg dei vart for tjukke!  Eg samanliknar dei med slike ein får kjøpt i pakkar.  Dei første vart litt mykje steikte.  Desse kunne nok fått eit par minutt til...  Ja, ja, practise makes perfect!

Solveig på ski

Det må no kallast luksus å kunne spenne på seg skia utanfor inngangsdøra og gå rett opp i skibakken.  I dag var her åtte minusgrader og sol då eg gjekk ut.  Eg har fått meg nye bortoverski som eg no har begynt å kalle bakoverski.  Dei er smørefrie og mykje glattare enn gamleskia.

Elles er det eit tankekors at eg hadde bakken heilt for meg sjølv.  Eg hadde med meg bok på øyret og gjekk på ski til "Simons død".

laurdag 30. januar 2010

Familielaurdag

I dag har vi hatt ein triveleg familiedag her hos oss.  Ungane har kosa seg ute.  Rett ovanfor huset vårt ligg ein skibakke.  Det er ikkje kvart år der er snø i januar.
Etter å ha gått på ski rende karane på bossekkar og plastnett.

Jentene laga snøholer i bardane.
Det vert ikkje lagt ut noko om maten denne gongen.  Kvifor? Stikkord: Same procedure! 

fredag 29. januar 2010

Familiedag utan innlagt fotballkamp

I morgon ventar vi besøk frå morsslekta.  Det er ikkje alltid like lett å finne ein dag eller ei helg som høver når to aktive familiar skal treffast, spesielt ikkje i fotballsesongen.  Men no er her grønt gras nesten heile året.  I dag måtte visst dei som brøyter gje tapt for snømengdene.  Kampen er utsett.

Gjestene kan gle seg til karamellpudding.  Om andre skulle få lyst på, så finn de ei steg for steg-oppskrift her.

torsdag 28. januar 2010

Nyttig nettside




Vi har kome til Ibsen og Et dukkehjem i pensum i norsk på 10.  Eg visste ikkje om denne sida. Der skal vere samla alt som er verd å vite om Ibsen?

Vi får koste på oss eit lite sitat:
Det, som du er, vær fuldt og helt,

og ikke stykkevis og delt.
- Brand (1. akt)

onsdag 27. januar 2010

Naanbrød - første forsøk


I dag laga Wenche naanbrød til ein indisk rett.  Eg har tenkt å prøve å lage naanbrød fleire gongar, men aldri kome så langt.  Sidan eg har meir frosen kyllingfilet, kjøpte eg eit glas Tikka Masala med tanke på middag i morgon.

Fordi eg ville lage deigen i brødbakemaskina, reduserte eg mjølka til 4 dl.  Mine brød dekte plata heilt, men vart likevel for tjukke, synest eg.  Eg ville nok laga 12 tynnare brød på to plater.  Den ujamne fargen kjem nok av høg temperatur og at eg pensla brøda med surmjølk.

Eg tek gjerne imot tips!

Sjå gjerne oppskrift og video her.

tysdag 26. januar 2010

Finnbiff for skulekjøken

Ein blogglesar etterlyser oppskrift på Finnbiff som høver for skulekjøkenbruk.  Min tidlegare kollega utarbeidde denne oppskrifta.  Vi har brukt den til juleavslutningsleksjonen i fleire år.  Vi serverer den som tallerkenrett.  Det er ein populær rett. 

Det er litt andre krav til skulekjøkenoppskrifter enn til vanlege oppskrifter.  Dei bør mellom anna ikkje ha for mange ingrediensar.  Framgangsmåten bør vere enkel og tydeleg.  Ein ingrediens som sopp kan føre til ramaskrik.  Eg meiner ikkje at ein ikkje skal bruke det, men eventuelt steike og servere det til. Dette er ikkje akkurat billeg mat i skulekjøkensamanheng. 


1 løk, finhakka
250 g reinsdyrkjøt i løvtynne skiver

1 ms margarin

2 ms kveitemjøl

3 dl vatn
1/2 ts salt
1/2 krm pepar
6 knuste einebær
1 ts rognebærgele
1-2 skiver geitost
1/2 dl seterrømme
(ev. 1-2 dråpar sukkerkulør)

1. Smelt margarin i ei gryte.
    Den er passe varm når margarinen har slutta å skumme og er lys brun.

2. Brun kjøtskavet og løken.  Strø deretter over kveitemjølet.

3. Tilset alle dei andre ingrediensane og kok retten ved svak varme ca 30 min.

Vi serverer potetmos, gulrot og brokkoli til.
Ein kan gjerne ha tyttebærsylte og sylteagurkar.
Vi har i rognebærgele som vi har laga, men det går sikkert greit utan.

Bildet har eg tatt frå matprat.

måndag 25. januar 2010

TV-kvelden

Etter ein lang dag på jobb må ein få lov til å sekke ned i TV-stolen.

Klasse 10B
I dag fekk vi sjå korleis ein kan få fart i ein elev som har meldt seg ut.  Vi kjenner typen.  Han kjem til kort fysisk, og interessene hans er litt sære for gutane i klassa.  Dermed endar han opp med jentevenn(er).  Gymlæraren får lokka han litt med yoga, noko ho seier han er flink til.  Ja, kva veit vi om yoga?  Mattelæraren gjev han oppgåver han meistrar.

Elles ser vi at klassa har utvikla seg positivt.  Dei prøver med leksehjelp.

Honningfellen
Eg liker denne serien med Cato Isaksen.  Filmen må sjølvsagt bli annleis enn boka.  Men som eg spådde, var ikkje Marian Dahle lett å få tak i.

Marian Dahle het nykomlingen. Hun var adoptert fra Korea , virket innadventog var lettere overvektig.   .....Hun hadde smal munn, liten nese og høye kinnben.  Det kullsvarte håret var samlet i en tynn hestehale.  Hun var trettito, men så ut som hun var atten.

Krimkveld


I dag har norskelevane mine fått beskjed om å sjå på TV, nærare bestemt NRK1.  Først skal dei sjå programmet med namnet deira, 10B, og så skal dei sjå krim etter nyheitene.  Det skal bli artig å sjå kor mange som har følgt oppmodinga.  Det er kjekt diskusjonsstoff i matfriminuttet.

Eg plukka med meg boka frå skulebiblioteket før helga.  Tanken var å lese minst 1/3 før dagens episode, sidan serien er i tre delar.  Det har eg gjort.  Og eg meiner at eg veit kven mordaren er.

Det er alltid kjekkast å lese boka før ein ser filmen.  Eg oppdaga at eg merkeleg nok ikkje hadde lese Orkestergraven som nettopp har gått.

Cato Isaksen har fått ein ny kollega, Marian Dahle.  Ho er adoptert frå Korea, og er litt rund.  Det skal bli spennande å sjå om dei har funne skodespelarar som kler rollene til dei to nye etterforskarane - og dei andre hovudpersonane sjølvsagt.

Les gjerne meir her - og sjå serien!

Kveldsundervisning

I dag har vi hatt tre timar forelesning med denne professoren.  Det var skukkeleg interessant, ikkje minst fordi ho talar andre midt i mot!  Vi lærarar treng litt påfyll av pedagogikk innimellom.  Ho kom og med praktiske tips. 

søndag 24. januar 2010

- Vert du til middag?

- Viss den er verdt å vente på!

Det var den visst!  I dag hadde vi ferskt oksekjøt og suppe.  Eg laga saus av noko av krafta og grønsaksuppe av resten.  Skikkeleg norsk tradisjonsmat som fell i smak her.

Medan kjøtet kokte, fekk ein focacciadeig heve.  Deigen flyt i olivenolje slik at det er berre å helle den over på plata og trykke den forsiktig utover.  Eg hadde oljen frå eit fetaostglas og nokre grøne oliven (to tome glas jfr ryddeaksjonen) ned i deigen.  Eg hadde litt ekstra olivenolje oppå i tillegg til tørka rosmarin.

Og det beste av alt? Eg har laga så mykje mat at vi har nok til middag i morgon.

Fotballkampen fredag


Dei fotballinteresserte blogglesarane (lesaren?)kan klikke seg inn på Hareid IL si side og eventuelt vidare til Vikebladet.

Bok 5: Husfrue 28 år etter


Eg hugsa nok dei store linene i boka.  Romantikken som avtok.  Simon som vart ein viktig del i livet til Kristin. Utruskapen. Men det meste hadde nok gått i gløymeboka.

Som eg har skrive før, likte eg desse bøkene godt då eg var atten.  No les eg dei nok med andre auge.  Ein ser kanskje nyansane betre i moden alder.

Ekteskapet med Erlend får ikkje nokon god start.  Ho er to månader gravid, noko som plaga Kristin.  Garden ho kjem til er vanskjøtta.  Men ho går på med friskt mot.  Sju søner kjem etter kvart.

Kristin får snakka ut med foreldra.  Simon giftar seg med yngste søstra, Ramborg.  Dei vert dermed i familie.  Erlend kjem med i eit komplott mot kongen. 

No skal eg ikkje røpe resten av handlinga.  Berre ta fram det som eg hugsa.  Simon Darre viste seg å vere ein stor mann.  Han heldt fram å vere glad i Kristin. 

Boka inneheld mykje dramatikk.  Eg anbefaler den som lydbok, kanskje for spesielt interesserte?  Sjølv forstår eg godt at Undset fekk Nobelprisen for trilogien.

laurdag 23. januar 2010

Handel i Hareid


Etter ein lang dag med litt rangling i går, vart det ein litt treig start på dagen i dag.  For å rekke apoteket, måtte eg handle før eg vaska til helga.  Orkidéane kjøpte eg på kupp på Floriss.  Eg har gitt vekk eit par før i veka, og ein gir vel som regel vekk slikt som ein ønskjer seg sjølv! Dei hadde også den typen potter som eg vil ha.  Vel heime oppdaga eg at ein av dei gamle såg daud ut. Før han gjekk i komposten såg eg at der er ei grein på gang.

"Apotek og bibliotek" har eg hatt som overskrift før på bloggen.  I dag plukka eg mellom anna med meg eit par handkremar med deilig lukt frå apoteket.  På biblioteket fann eg eit par nye lydbøker.  Eg vurderer å ta ein pause mellom "Husfrue" og "Korset".

Yngstemann har funne ut at viss han skal få pizza så ofte som han ønskjer det, så må ha ta sleiva i eiga hand.  Han brukar oppskrifta frå gamle "Frå bollar til burritos" med grovt mjøl i deigen.

Ha ein fin laurdagskveld!

fredag 22. januar 2010

Fortset med forsett


Har vi kome til ei tid i månaden det er ufint å rippe opp i nyttårsforsetta?  Kanskje.  Med mitt eine vert det gjerne to skritt fram og eitt tilbake.  Eg må i alle fall kjøpe inn litt for å få brukt noko anna.  Syltesukkeret har stått i skapet sidan i sommar.  I går fekk eg for meg at eg kunne sylte dei tre jordbærposane som datt ned i handlekorga mi her ein dag.

Før ville det ha vore utenkeleg å flotte seg med jordbær frå butikken midt på vinteren, sjølv frosne.  No får ein dei for ein rimeleg penge.  Til 1200 g jordbær brukte eg 3 dl syltesukker.

Dette vart tre små glas med passeleg sylte.  Eg var spent på om sylta vart stiv nok med denne sukkermengda.  Til det er det å seie at sylta vart stiv nok til brødskiva, men ikkje så stiv som kjøpesylte.  Det synest eg heller ikkje er noko poeng. 

torsdag 21. januar 2010

Flaggdag


I dag fyller prinsesse Ingrid Alexandra 6 år.

Kven går rundt og hugsar kongelege fødselsdagar? Svar: Eg.

Av ein eller annan grunn klistrar dei kongelege geburtsdagane seg til hjernen min.  Kanskje fordi eg har fødselsdag midt mellom gamlekongen og Sonja?  Eller fordi studenten er fødd dagen etter kong Harald og eg dagen etter kong Olav.  Kompisen hans har same dag som kronprinsen.  Slike knaggar har eg funne å hekte dei på.  Grensa går ved dei inngifte utanom arverekka.  Sverre Magnus trudde eg hadde 3. desember, og sidan det stemte, så hadde eg alle inne.  Sært? Heilt sikkert. Ein kan no greie å irritere nokon og, som å seie at no flaggar dei for Mette Marit første skuledag....

Om nokon lurer, så finn de datoane her. Der kan de og skjekke kven som er HKH.

P.s.
Eg er heilt sikker på at mi gamle bestemor, Amanda, hadde kongehuskunnskapane inne, og då ikkje berre om det norske kongehuset.

onsdag 20. januar 2010

Vinter att


Snøsmeltinga har tatt seg ein pause.  No er det fem minusgrader att.

tysdag 19. januar 2010

Tørketrøbbel


Etter å ha vore utan tørketrommel i snart seks veker, fekk vi i dag endeleg reparert den!  Eg har venninner som ikkje forstår problemet.  Men har du eit lite, kaldt vaskerom og seks personar i hus, og halvparten av dei trenar kvar dag, då har du eit problem.  Løysinga har vore å sette ei tørkesnor framfor vedomnen.  Det er ikkje akkurat dekorativt, for å seie det sånn.  Hygienisk er det heller ikkje med alt støvet det fører med seg.

Så no gler vi oss ekstra over lettvint klesvask.

10 B - 3. episode

I går fekk vi sjå at "nyheitens interesse" var begynt å tape seg.  Det er freistande å gå tilbake til gamle fakter.  Eg vil berre kommentere eit par ting.

Elevsamtalar
Lærarane tek seg til til den einskilde elev.  Dei ser elevane inn i augene og gjer avtaler.  Desse vert følgde opp.  Dette er sjølvsagt viktig!

Plassering i klasserommet
Då serien starta, sat elevane i grupper på fire.  Dei hadde ikkje blikkontakt med læraren, men med kvarandre.  Folk flest forstår vel korleis det må gå i denne alderen.  Her er det duka for flørting i mange variantar! Det er ikkje rart at viskelera flyg rundt i småbitar!  Læraren må forvente og forlange merksemda når han/ho går gjennom viktig stoff.

måndag 18. januar 2010

Gratulerer Håkon!


I dag fyller Håkon 16 år!  Han er fotballspelar og friluftsmann.  No står han framfor eit viktig val: Kva utdanningsprogram han skal velje på Vidaregåande! Skal han gå i brørne sine fotefar eller velje noko anna?  1. mars må det vere bestemt.

Fotballsida helsar også.  Brørne må slutte å kommentere håret hans!  Alle forstår at det er reinspikka misunning!

søndag 17. januar 2010

Bok 4: Ungdomsroman


Denne boka plukka eg med meg frå skulebiblioteket før helga.  Når ein er norsklærar i ungdomsskulen, bør ein sjølvsagt lese ungdomsbøker!

Eg bruker å lese det eg kjem over av denne forfattaren frå heimbygda.  Temaet voldtekt er kanskje ikkje det lettaste å belyse.  Eg synest forfattaren gjer det på ein seriøs og lettfatteleg måte, fritt for klisjéar.  Språket er knapt og liketil.

Hovudpersonen Susi ønskjer seg vekk, og hamnar i Sarajevo der det har skjedd valdtekter som ein del av krigføringa.  Ho nektar å føle det som vert forventa av henne.   Ho seier til dømes at voldtekta var ein gong, mobbinga skjedde fleire gongar.

Dette hadde vore artig om eg fekk lokka ei eller fleire av tiandeklassejentene til å lese boka og høyrt deira meining.

Dette er ei ungdomsbok som også vaksne vil ha glede av å lese.  Les gjerne meir her.

Spirane


No viser gradestokken nokre plussgrader, og det dryp frå taket.  No har frostpistane inga orsaking for å halde seg inne.

Spirane var ferdige i går.  Eg brukte dei til å pynte fat med, i tillegg til agurk og små tomatar.  I Priorreklamane ser eg at dei legg alfalfaspirar opp på kulkunskinkepålegget no for tida.

Ha ein sunn søndag!

No...



....kan vi rapportere om plussgrader på Sunnmøre og regn i London.  Vi har hatt besøk av nokre vennepar.  Ekstra kjekt at nokre av dei hadde med seg ungdomar!

fredag 15. januar 2010

Fredag og korslag


I dag reiste sistemann med kveldsfly til Oslo.  No er studentferien slutt, eller undervisningsfri periode. 

I dag var det han som laga middag: Kyllingfilet frå frysaren.  Eit par glas og eit par pakkar pasta var nyleg innkjøpt.  Han rakk også å få seg eit siste restemåltid før han for: Vaflar.  No er kjøleskapet tømt for rømme og fløyteskvettar. 

Fredag betyr korslag.  Heia Sunnmøre!  Stem på Simone!

torsdag 14. januar 2010

Sunt og godt!


Dei siste dagane har alle vore heime her.  Men i morgon reiser studenten til hovudstaden.  Journalisten reiser til London på fotballtur i helga saman med ein studiekamerat.  Dei skal sjå Tottenham - Hull.  No får vi håpe på godt fotballver i England.

Middagsrettane må då verte nokre av yndlingrettane til dei som reiser.  Samtidig jobbar eg meg nedover i fryseboksane.  Det gjekk med ein pakke lutefiskbacon til pannekakene. Til suppa gjekk det med nokre bein.

No reknar eg med at blogglesarane reagerer på to ting:
1. Salt suppe til pannekaker.
Her omkring brukar folk rabarbrasuppe eller blåbærsuppe til pannekaker. Eg vil helst ha anten kjøt eller fisk til middag, ikkje berre mjølmat og søtmat.
2. Brokkoli i brennsnut.
Brokkoli er den grønsaka vi bruker mest etter gulrot. Akkurat no held vi på med vitamin i Mat og helse.  Brokkoli inneheld både C-vitamin, folat (B-vitamin) og K-vitamin i tillegg til jern og kalsium.  Eg synest det er godt med brokkoli som får koke med i suppa heilt mot slutten.

Eg har nokre faste vitsar eg dreg fram på skulekjøkenet.  K-vitaminvitsen har eg lært av bror min:
Vampyrar er i skuddet for tida.
Vampymora seier til vampyrbarnet:
- No må du ete suppa di før ho koagulerer!

Denne desserten heiter "Steik di eiga pannekake".  Dette er ein av karane sin tallerk.

Medan eg stod og skar opp grønsaker, begynte eg å tenke på ein gong farmor fortalde om "Jagesuppe".  Det kalla dei suppa som dei serverte til nattmat i bryllaup.

onsdag 13. januar 2010

Vinter


For første dag på lenge har gradestokken krope over ti minusgrader.  Eg trur ein må attende på tidleg åttital for å finne ein liknande kuldeperiode.  Temperaturane varierer utruleg lokalt.  Her vi bur, er det like kaldt som i Ørsta omtrent.  Men ein skal ikkje lenger enn til Ulsteinvik før det plutseleg er 7-10 grader varmare.  Det same gjeld om ein tek seg ein tur til Brandal.

I dag følest sju minusgrader skikkeleg behageleg.  Alt er relativt!


tysdag 12. januar 2010

Alfalfa


Alt godt sette meg på idéen med spirar.  På helsekostbutikken på Blåhuset fekk eg tak i ein pose alfalfafrø til ein liten 50-lapp.  I går ettermiddag la eg dei i bløyt i seks timar før eg hadde dei i spirekassa.  Allereie i dag ser eg små spirar.  Her kan de sjå korleis dei skal bli og lese meir om alfalfafrø. 

Eg har smakt alfalfaspirar før, men ikkje dyrka dei sjølv.  Av ein eller annan grunn assosierer eg alfalfafrø med nokre amerikanske rakkarungar i svart-kvitt.

måndag 11. januar 2010

Klasse 10B - 2. episode

"Jeg gidder ikke å bruke tida mi på å lese!".  Dette ropar ein av elevane ut i 2. episode.  Dette er eit utbrot dei fleste norsklærarar i ungdomsskulen har høyrt før.  Som regel får vi dei fleste gjennom ei bok viss vi brukar tid på å leite.  I mi klasse 10 B har vi nettopp hatt lesing av roman og munnleg framføring.  Eg stiller meg meir undrande til eleven som hevdar han aldri har lese ei bok.  Truleg er det eit resultat av gløymslekurva. Viss ikkje har både skulen og foreldra svikta guten.

Norsklæraren peikar på det viktige i å kunne trenge gjennom både ein skjønnlitterær tekst og ein fagtekst.  Lesing ligg i botnen på alle fag.  Vi får følgje med bokmeldingane i 10B.

Då eg gjekk på ungdomsskulen syntest eg synd på musikklærarane.  Eg oppfatta musikk som eit bråkefag.  Eg trur nok denne musikklæraren greier å få til eit innslag med musikk og song.  Men eg trur og det nærmar seg slutten på tolmodet hans.

Mattelæraren kallar inn til foreldremøte.  Ære vere dei foreldra som møter til mattekurs på kveldstid!  Vi får følgje med oppmøteprosenten! 

Elevsamtalar er viktig.  Mattelæraren tek seg tid til å gå gjennom prøver med kvar elev, og ho spør dei etter ein plan.  Det er viktig å få dei til å sette ord på det dei tenker, og få dei til å tenke vidare. Prosentrekning og sal høyrer i hop.  Dei som greier å rekne seg fram til prisane, har talforståing. 

I neste episode skal dei visst attende til gamle åtferdssynder.  I pedagogikken kalte dei det ballongar som elevane sender opp, og som lærarane skal sprekke.  Vi får sjå korleis dei taklar musikk, bråk, viskelerkasting og andre typar uro.

søndag 10. januar 2010

Nokon som veit?


I ei av kokebøkene, ei bakebok, eg fekk til jul, inneheld dei fleste oppskriftene anten lyst eller mørkt muscovadosukker.  Er det nokon som veit om det er lett å få tak i?  Kan ein eventuelt erstatte det med anna sukker?

Bok 3: Klassikar


For andre året på rad underviser eg 10 B(!) i norsk.  For andre år på rad har vi sett filmen "Kransen".  Filmen har eg skrive om før på bloggen.  Eg har og fortalt at eg skreiv særarbeid på gymnaset i 1981/82.

Historia om Kristin greip meg den gongen, og no når eg fann bøkene på lydbok, vart det meir overkomeleg å lese dei igjen.  Ein skal vere bra motivert for å lese dei på stivt riksmål/dansknorsk.

Då eg sjølv var 18 år, var eg fortvila over valet hennar.  Kva skulle ho med den gamle sjarmøren?  I dag synest eg ikkje 32 er nokon alder!  I boka kjem detaljane mykje betre fram enn i filmen, sjølvsagt.  Simon Darre er til dømes for pen i filmen. 

Forholdet til Erlend vert og mykje meir detaljert skildra. Kristin trumfar seg til å gifte seg med han.  Men ho må vente 3 1/2 år.  I denne tida kjem tvilen snikande, men ho føler ho må stå for det ho har valt.  No er eg godt i gang med "Husfrue".  Den hugsar eg sjølvsagt ikkje så godt, men dei store linene sit att etter 28 år!

Eg er glad i filmen.  Den er sjølvsagt lang.  Men der er og mykje handling!  Eg har kome fram til at det høver godt å vise filmen før jul i 10-ande, og at det er lurt å sjå den i delar. 

Det som gjer både filmen og bøkene litt tung, er dei religiøse grubleria.  Det er framandt for vår tid.

Men det som gjer at bøkene framleis er aktuelle, er at kjærleik under vanskelege vilkår alltid vil vere aktuelt?

Sigrid Undset sa:
Ti sed og skikk forandres meget, alt som tidene lider, og menneskenes tro forandres og de tenker annerledes om mange ting.  Men menneskenes hjerter forandres aldeles intet i alle dager.

På slutten av boka får vi innsikt i foreldra til Kristin sitt ekteskap.  Dei er begge offer for eit arrangert ekteskap, men tenker ulikt om det.  Først no snakkar dei om det.

Framleis tenker ein i mange kulturar at foreldre veit best når det gjeld å finne ektemake.  Her treng vi ikkje å gå ut om byggefeltet for å finne jenter som har vakse opp i Noreg, men som vert gifte i utlandet.  Dei samtykker når foreldra vel ektemann for dei.  Foreldra meiner det heilt sikkert vel.  Men kvar går grensa til tvang?  Og desse norske jentene er vel populære. Her får ein norsk pass på kjøpet. Det må no vere betre enn det var å få seg ei odelsjente i "gamle dagar"? Det er ikkje sikkert alle synest romantisk kjærleik er så viktig viss alternativet er å vekse opp med fattigdom og krig?

laurdag 9. januar 2010

10 B

Eg vil oppmode alle skuleinteresserte blogglesarar om å sjå programmet Klasse 10 B.  Eg såg berre siste kvarteret då det gjekk måndag, men fann programmet lett på Nett-TV.

Opplegget går ut på å finne ei elendig klasse, altså 10 B i Skedsmo, byte ut lærarane med dei beste i landet og så skal klassa bli av dei tre beste i landet.

Eg må seie eg er spent på vidare vinkling!  I første programmet vert vi kjend med ein kar med stort fråvær.  Med nye lærarar får han lyst til å gå på skule! Klart det når han får sjansen til å kome på TV!?

No ser eg ikkje vekk frå at det kan bli mykje å lære av dette programmet t.d. om motivasjon.  Korleis greier desse professorane i kvart sitt fag å motivere elevane til innsats i faga sine?  For at der ligg mange uutnytta ressursar blant elevane, det tvilar eg ikkje på!

Solveigs steikte eple


Sidan epledesserten i går vart så populær, tenkte eg at eg ville prøve ein litt annan vri i dag.  Kommentar frå i går: "Det var som berre epla i eplekake."  Og det var positivt meint.  Desserten i dag vart endå betre fekk eg høyre.

Som de ser, delte eg først epla i to.  Så la eg nokre rosiner i botnen.  Då syg dei til seg væske og vert ikkje liggande på toppen og svi seg.

Blandinga på toppen laga eg av:
2 ms meierismør
2-3 ms demerarasukker
1 dl hakka (brukte stavmiksar) juleneter

Fyllet la eg berre på toppen av dei halve epla.  Det var lettvint! 
Eg steikte dei på 175 grader ca 1/2 time.

fredag 8. januar 2010

Steikte eple

Inspirert av "Ingrids matminner" s. 151 laga eg denne desserten medan fiskeforma mi stod i omnen. Kanskje det ikkje er berre eg som har nokre eple att frå jul? Til denne retten fekk eg brukt litt juleneter, og ikkje minst fekk eg avsetnad på den siste fløytepakken etter nyttårshelga.

Eigentleg treng ein ikkje oppskrift.  Men det kan no vere greit å ha eit utgangspunkt:
8 eple
3 ms smør
4 ms rosiner
3 ms hakka neter
1 ms sukker

Bland saman alt og stikk det ned i epla som du har tatt ut kjernehusa av.
Steik ved 175 grader i 15-20 minutt.  (Mine fekk stå 10 minutt ekstra.)

Epla vart nydelege servert med mjukpiska krem med litt ekte vaniljesukker i.

Viss eg skal lage retten ein gong til, kjem eg til å dele epla i to.  Då ville eg lagt rosinene i botnen.  Dessutan ville eg brukt mindre smør og meir hakka neter!

torsdag 7. januar 2010

Pest eller kolera?


Før jul dreiv nokre ungdommar her og diskuterte kva dei helst ville vore utan, vatn eller straum?  Dei var samde om at det var verst å vere utan vatn, heilt til dei kom på at datamaskinene treng straum.

No er vel slik at ein verken får velje kva sjukdomar ein skal få eller kva andre plager som skal dukke opp.  I går kveld var vatnet vekke frå 22 til nærare midnatt.Vi berga oss på at vi hadde tappa litt drikkevatn og ikkje tappa ut vatnet frå badekaret. 

Vanlegvis kjem eg alltid på jobb eit kvarter før arbeidstid, men i dag vart her kakaokoking til skidag på barneskulen, og eg kom meg ikkje avgarde som vanleg.  Då eg kom på jobb akkurat presis, forstod eg at eitt eller anna var i gjære.  Vatnet var vekke!  Elevane vart heimsende.  Ein kan ikkje ha undervisning utan vatn ein heil dag! 

Dagen i dag vart akkurat ein slik dag eg trengde!  No er pulten min ryddig. Eg har kasta med hard hand.  Ting ein ikkje har brukt dei siste to-tre åra,  må vekk når ein berre har eit vanleg skrivebord. No er eg tom for rettingsarbeid.  Og så er det ein siste bonus:  Kor lite sliten ein vert av slikt arbeid samanlikna med undervisning!

onsdag 6. januar 2010

Bok 2: Ikkje krim


Då eg begynte på denne boka, var eg spent på om forfattaren kunne skrive noko anna enn krim.  Han har i alle fall skrive ny krim i år!

Boka er om ein livstrøytt lege som lever åleine på ei øy.  Det har han gjort etter ein legetabbe.  Etter 12 år innhentar fortida han på fleire hald.

Eg meiner denne boka er vel verd å lese.  Den høver nok best for dei som har levd ei stund.

Les gjerne meir her.

tysdag 5. januar 2010

Dagens oppfinning


Av ein eller annan mystisk grunn hadde mange av julegåvene våre noko med kaffi å gjere i år.  Med mange ulike kaffiposar i hus, kan det vere praktisk med eit kaffimål med klype.  Det er no to ting på ein gong!
Merke: Cemo