tysdag 12. januar 2010

Alfalfa


Alt godt sette meg på idéen med spirar.  På helsekostbutikken på Blåhuset fekk eg tak i ein pose alfalfafrø til ein liten 50-lapp.  I går ettermiddag la eg dei i bløyt i seks timar før eg hadde dei i spirekassa.  Allereie i dag ser eg små spirar.  Her kan de sjå korleis dei skal bli og lese meir om alfalfafrø. 

Eg har smakt alfalfaspirar før, men ikkje dyrka dei sjølv.  Av ein eller annan grunn assosierer eg alfalfafrø med nokre amerikanske rakkarungar i svart-kvitt.

1 kommentar:

Besta sa...

Eg dreiv i si tid og "spira" alfalfa i Norgesglas -men gikk fort lei.No får vi sjå om tolmodet ditt varer lenger.