I går fekk vi sjå at "nyheitens interesse" var begynt å tape seg. Det er freistande å gå tilbake til gamle fakter. Eg vil berre kommentere eit par ting.
Elevsamtalar
Lærarane tek seg til til den einskilde elev. Dei ser elevane inn i augene og gjer avtaler. Desse vert følgde opp. Dette er sjølvsagt viktig!
Plassering i klasserommet
Då serien starta, sat elevane i grupper på fire. Dei hadde ikkje blikkontakt med læraren, men med kvarandre. Folk flest forstår vel korleis det må gå i denne alderen. Her er det duka for flørting i mange variantar! Det er ikkje rart at viskelera flyg rundt i småbitar! Læraren må forvente og forlange merksemda når han/ho går gjennom viktig stoff.
1 kommentar:
Såg serien for første gong i går.Etter som eg forstår er det "landets beste pedagogar" som er i sving. Ser ikkje at dei gjer noko spesielt.......Men det dei har, som ein vanleg lærar ikkje har, er TID til å ta seg av den einskilde eleven. Gå i djupna på problema og følge opp avtalar.Har du 4 klassar i matematikk, blir situasjonen ein annan.
Legg inn en kommentar