torsdag 21. januar 2010

Flaggdag


I dag fyller prinsesse Ingrid Alexandra 6 år.

Kven går rundt og hugsar kongelege fødselsdagar? Svar: Eg.

Av ein eller annan grunn klistrar dei kongelege geburtsdagane seg til hjernen min.  Kanskje fordi eg har fødselsdag midt mellom gamlekongen og Sonja?  Eller fordi studenten er fødd dagen etter kong Harald og eg dagen etter kong Olav.  Kompisen hans har same dag som kronprinsen.  Slike knaggar har eg funne å hekte dei på.  Grensa går ved dei inngifte utanom arverekka.  Sverre Magnus trudde eg hadde 3. desember, og sidan det stemte, så hadde eg alle inne.  Sært? Heilt sikkert. Ein kan no greie å irritere nokon og, som å seie at no flaggar dei for Mette Marit første skuledag....

Om nokon lurer, så finn de datoane her. Der kan de og skjekke kven som er HKH.

P.s.
Eg er heilt sikker på at mi gamle bestemor, Amanda, hadde kongehuskunnskapane inne, og då ikkje berre om det norske kongehuset.

4 kommentarer:

Randi sa...

Takk for trivelig hilsen på bloggen min.
Har funnet ny bok med mer grøss og gru av samme forfatter. Denne heter Tokyo.
Da er det bare å stålsette seg...
Titta litt i bloggen din og fikk lyst til å prøve meg på spirer. Synes det er utrolig godt i salater eller på brødskiva med leverpostei.
Ha ei riktig trivelig helg!

Besta sa...

Og eg gløymer aldri prinsesse Victoria av Sverige sin fødselsdag.......Tar du den?

solveig sa...

Kronprinsessan? 14 juli! Men kva dato skal ho gifte seg? Nærmar ikkje det seg?

Besta sa...

Den tid eg kjøpte og las ukeblad, hadde eg bra kontroll på dei kongelige. Den interessa vart dalande etter kvart. Elles er eg flink å hugse fødselsdagar. I dag hadde Astrid fylt 90 år om ho hadde fått leve litt lenger.