måndag 1. desember 2008

Lesestoff ut året?

I dag då eg var inne på biblioteket for å levere inn dei to siste lydbøkene, hadde dei fått inn denne. Dette er nummer tre, og eg har lese første boka i seien. Denne bygger på nummer to. Så no har eg sett meg på venteliste for første gong. Det er eit godt tilbod frå biblioteket. Nummer tre legg eg no inn på datamaskina for seinare lesing. Eg gler meg!

3 kommentarer:

Besta sa...

Eg er den einaste eg veit om som ikkje prisar Stieg Larsson opp i skyene. Den siste boka vart langdryg for meg.(Eg likte den første boka best.)Men så les eg platene om att og om att fordi eg har så lett for å sovne når eg høyrer på lydbøker, viss eg ikkje gjer noko anna i tillegg.Strikkar t.d.

solveig sa...

Eg likte godt den første. Foreløbig kosar eg meg med Marklund. Feilen med den er lange spor!

Hildegard sa...

Eg har også lese første boka, fekk den til jul i fjor, likte den godt og gled meg til dei to andre. Tykkjer det er dyrt å kjøpe bøker, men viss ein kan låne med kvarandre familie/venner, akkurat som med DVD-filmar, er det meir overkomeleg. Elles er det OK med pocket-utg. når dei kjem. Trur ikkje eg orkar å gå på biblioteket før dei har fått etablert seg i dei nye lokala på EVG/Operahuset. Har mange bøker liggjande som eg ikkje har lese endå. Eidabesta