tysdag 9. desember 2008

Fruktkake

Denne kaka bakte eg to av i fjor. Mamma la den ut på sin blogg i fjor, men det er det kanskje mange som ikkje har fått med seg. Kaka er kjempegod og relativt sunn. Sidan det er same arbeid og rot med store kaker som med små, dobla eg oppskrifta og brukte ei stor form.

Bland saman i ein bolle:
4 dl kveitemjøl
3 dl sukker
2 ts bakepulver
2 ts (ekte!)vaniljesukker

Pisk lett saman 6 store egg og slå over det tørre. Bland saman.
I mamma si oppskrift stod der med slikkepott, eg brukte Kenwooden.

Oppi dette har du 1 l paranøtter og 1 kg tørka dadlar utan stein eller anna tørka frukt.
Du skal ikkje dele opp nøtter og frukt.

Eg brukte:
3 pakkar paranøtter a 200 g (19,90 pr pakke på Spar)
3 pakkar dadlar
2 pakkar aprikosar

Steik 1 time ved 150 grader.

Når kaka er ferdig, bør den pakkast i folie og leggast til modning, står det i oppskrifta. Eg var snar og gøyme kaka i går kveld. I dag tidleg pakka eg den inn og la den i frysaren. Modninga får vi ta att i jula når folk ikkje er så hekne. Klok av skade:2 av vørterbrøda mine forsvann i løpet av kort tid. Men så er det no noko spesielt med "varmt hvetebrød".



1 kommentar:

Besta sa...

Eg gjorde det same som du, laga dobbel porsjon i lita langpanne. Men eg har ikkje delt den opp enno. Vil dele den opp halvfrosen, då er ho best å skjere i. Hadde att ei heil kake frå i fjor, den fekk Margrete. Den er sikkert godt moden!