søndag 16. august 2009

Eg begynte å blogge på grunn av slekta - og no er eg hekta?

Ein liten statusrapport:

I morgon begynner eg i full jobb for første gong i mitt liv. No er ikkje 80% jobb og fire born noko latmannsliv heller. Men etter kvart som borna vert eldre og flyttar ut, synest eg det er greit å trappe opp lønnsarbeidet.

Om det vert mindre til til blogging, får vise seg etter kvart. Eg synest det er ein fin måte å kommunisere med slekt og vener på. På besøkstala ser eg at eg har fleire lesarar, og det er berre koseleg. Legg gjerne att kommentarar!

Bloggen har vorte til etter kvart som eg har skrive. Romanane/bøkene har det vorte ein del innlegg om. Eg liker å høyre lydbøker. I sommar har eg hatt tid til å lese fleire papirbøker. Då har eg prioritert nynorske bøker.


Bokmeldingane får de ta for det dei er, nemleg mi meining om bøkene. Grunnen til at eg ikkje skriv titlar på bøkene, er at eg ikkje vil legge ut linkar til dei.

I det siste har eg skrive om film. Det er også som amatør.

Eg er glad i blomster, plantar og hagestell. Denne rosa Ynda fekk eg i sommar.


Desse rosene fekk eg av dei som besøkte oss før helga.








Arbeiderpartirose! Politikk kjem eg til å halde utanfor bloggen. Men for å seie det slik; når naboar ringer på døra og gjev vekk roser, tek eg imot. Det vert vel inga bombe om eg skulle skulle seie at eg er uroa over den store framgangen til FRP på meiningsmålingane.




Jobb
Det hender eg kjem over artige dikt eller gode idear og oppskrifter på jobb. Desse kan kome på bloggen.







Familieliv
Då eg starta bloggen, meinte eg å skrive mest om familien og dokumentere alle aktivitetar. Noko vert det, men ikkje alle vil vere med på bloggen. Dei kan de lese om på Hareid IL si fotballside.

Eg har ikkje vore så redd for å legge ut bilde av oss sjølve. Avisene viser oftast meir.




Middagstips og baking
I kvardagen vert det ofte ekel matlaging. Sjølv kan eg bli inspirert av andre bloggar både når det gjeld oppskrifter og tips.

I går dreiv eg privatundervisning i dajmiskake. Eg var ned til den tamilske nabodama og rettleia henne medan ho baka. Kanskje det ikkje er så dumt med slike biletseriar der ein går i detaljar?


Kvardagsliv
Av og til gjer ein seg tankar i kvardagen som det vert blogginnlegg av. Eg liker å sjå kva andre kjøper, så noko av det eg kjøper, kanskje spesielt til kjøkenet, vert til blogginnlegg. I går var her tomt for pizzakrydder, og det er langt til butikk med cemokrydder. Då kjøpte eg eit glas og helte over. Legg merke til kor mykje meir plass runde ting tek! Eg har brukt tome cemoboksar til krydder som ikkje finst på slike boksar. Det synest eg gjer det mykje enklare å halde orden.

Ha eit fint skuleår!

5 kommentarer:

Besta sa...

Den planten du fekk med meg heiter YNDE og det er det offisielle namnet. På bildet der mamma held Margrete på dåpsdagen erdet ein slik plante i bakgrunnen, dei var populære på den tida. Men ser du godt etter har plantane "vokse" og vorte meir fargesterke sidan den gongen.Du vil ikkje skrive om politikk på bloggen? Eg er sterkt frista til å gå hardt ut mot Frp og SLAKTE dei!Men eg trur dei er i ferd med å gjere politisk sjølvmord. SÅ dumme kan ikkje det norske folk vere!

solveig sa...

Ynde, ja, eg hugsar det no. Eg skal rette det med ein gong.
Plantar har vorte meir og meir foredla og tilpassa folk sin smak.
Kanskje neste innlegg vert"Politikkpreik". Kor langt er eit fengselsår? 2/3 år eller 9 månader? Det kan ikkje vere begge delar?

Besta sa...

No lovar Siv billegare bensin, gratis NRK og vekk med UP.
Er ho fullstendig panisk?
Gi meg ein TV-kanal utan fotball, så skal eg visst betale.

solveig sa...

Kva skal eg seie - her har dei skaffa seg Premier League - og det kostar flesk!

Elin sa...

Fin oppsummering av bloggelivet ditt så langt. No blir eg offline ei stund. Lukke til med skuleåret!