onsdag 5. august 2009

Sylte og supersunne vaflar

I dag for eg i kaffislabberas og sette ungane i gang med solbærplukking. Vi vart ikkje heilt einige om vi skulle røre eller koke sylte, så det vart begge delar. Dei siste solbæra vert plukka med stilk og gjekk rett i saftkokaren.

Mot kvelden fekk vi lyst på vaflar. D.v.s. keeperen fek auge på nokre vaffelmixpakkar eg hadde vorte lokka til å kjøpe på Trumfkupp. Om ein pakke vart nok til han, veit eg ikkje, men han for med dei. Då laga eg ein grov variant til oss andre.

Uttrykk som kvardagskaker og kvardagsvaflar, har eg ikkje sansen for. Slik mat er kosemat, ikkje kvardagsmat. Men desse grove vaflane er det mykje sunt i! Jentene i teltet i hagen har godkjent dei! Egg får opp proteininnhaldet, og grovprosenten ligg kanskje på rundt 60. Det er berrå å eksperimentere vidare!




8 egg
3-4 ms sukker
1 ts natron

2 1/2 dl kveitemjøl
2 1/2 dl fibramjøl
2 1/2 dl lettkokte havregryn

1 l surmjølk
flytande margarin
(mengd etter kor feit mjølka er)
litt salt viss du brukar lite smør/margarin

4 kommentarer:

Anlen sa...

Kan du som har litt peiling på matstell forklare meg kva som er forskjellen mellom fibramjølet og vanlig gammaldags sammalt fin?

solveig sa...

Det er berre ekstra finmalen grovkveite. Eg brukar det mykje for å få grove brød som likevel er lette t.d 1/4 sammalen rug, 1/4 kveitemjøl og 1/2 fibramjøl ev litt havregryn og/eller solsikkefrø. Eg synest det er litt "smaklaust" med berre fibra.

Besta sa...

Ei matkunnig veninne og eg har samanlikna Fibramjølet med vanleg finmalen grovkveite, og fann ingen skilnad.Det einaste er at Fibra-mjølet er dyrare, trur eg.Eg lurer ofte grovt mjøl inn i både vaflar og pannekaker, og vi brukar BERRE grov spaghetti.Då greier vi oss med 100 gram mindre, og kjenner ingen skilnad!
Eg er samd i at verken vaflar eller kaker er noko ein skal ha til kvardags.

solveig sa...

Eg ser eg må til med seriøse eksperiment viss eg skal forsvare Fibramjølet! ;-)