onsdag 12. august 2009

Sommaren er slutt?

Folk er visst usamde om korleis sommaren i år har vore. Legg ein vekt på fram til midten av juli, har det vore ein varm og tørr sommar. Etter det har det vore det eg kallar skvåsjver, ralativt varmt og vått. Det har ikkje hølja ned, men letta slik at det har vore klestørk så og seie heile sommaren, heilt til i dag? Eller held det på å lette?

Peacerosa er nok den finaste rosa etter min smak. Kanskje fordi ho er så vanskeleg å få til. Eg har to. På den eine vart den einaste rosa vekke. Eg mistenker eit par jenter som skal begynne i 1. klasse for å ha lagt sin elsk på den. Men det kan no vere kven som helst. Ein får berre håpe at den pynta opp ein stad!
I dag rørte eg 3 kg rensa rips. Eg tok det i to porsjonar og brukte 1 pk blå Jam og 7 dl sukker til kvar porsjon. Det hadde vore godt med vaflar, ja. Om det ikkje blir i dag, så har eg no ein del glas i frysaren.
---
Som Olaug nemner på sin blogg, får vi besøk av ein familie seinare i dag. Dei har fire gutar, og vi veit ikkje kor mange av dei som kjem. Dei har lagt besøket sitt til landskampen, så eg mistenker at her vert mange svoltne karar!

3 kommentarer:

Besta sa...

Eg hugsar den første peacerosa eg såg. Det var mens vi budde i brakka at pappa kom heim med ei slik. Veit ikkje korleis han hadde fått tak i den, for det var ikkje så mykje slikt å få kjøpt den gongen.(Det må ha vore ein gong mellom 1948 og 1953)Vi beundra og studerte fargane i rosa, men dessverre overlevde ho ikkje vinteren. Eg har kjøpt slike roser eit par gonger, men mist dei. Dessverre.

arieldog sa...

Det har uansett blitt ein meir aktiv arbeidssommar enn det hadde blitt med meir sol og varme... Personleg føler eg sterkt for eit par dagar på terassen i steikande sol, berre for å hugse sommarfølelsen.

Besta sa...

Ja, det hadde kjekt å fått føle at det var FOR heitt! Vi har ikkje brukt "Utrønå" på altanen i sommar, det seier sitt. Men det har vore mykje deilig ver å vere ute i -utan å svette.