måndag 24. august 2009

Må eg følgje oppskrifta?

Dette spørsmålet får eg ofte på skulekjøkenet. Og kva svarer eg? Følg oppskrifta første gongen, og så kan du begynne å eksperimentere.

Første gongen eg kokte plommesylte følgde eg oppskrifta. Ein skulle blande bær og sukker og så koke opp sylta. Dette synest eg er tungvint med plommer. Så i går sette eg plommene på plata på 1 og let dei safte seg og koke møre før eg hadde i syltesukker. Medan sylta kokte opp, tok eg ut steinane. Dette gjekk heilt fint. Sylta vart like stiv som med den første framgangsmåten.

5 kommentarer:

Besta sa...

Når egbakar føl eg oppskrifta, andre gonger improviserer eg. I går hadde eg ris att frå sundag, og fann ut at eg skulle lage Trondhjemssuppe.Eg hadde oppskrift, men gjorde den tabben at eg hadde i sukker før eg hadde smakt på suppa. Den blei god,men altså litt for søt.Salt sukker og krydder er lurt å vente med til sist. Det er mi erfaring.

solveig sa...

Sukkermengda i suppa er vel avhengig av kor søt safta er. Eg trur vi har vorte vane med mindre sukker i mykje mat, i alle fall enn for eit par tiår sidan.

Alt godt sa...

Ja, ein kan vente med sukker, salt og andre krydder med nokre unntak. Tørka timian bør koke med frå byrjinga i ein rett, det same bør laurbærblad. Pasta og ris kokt utan salt er triste greier, så der må saltet med frå starten. Bortsett frå det er eg heilt einig med deg, besta. ;-)

Milena sa...

Eg laga gele av chilli med syltesukkeret,kjempe godt!

solveig sa...

Det høyrest spennande ut! I år har eg planar om å lage rognebærgele i alle fall. Kanskje det vert rosegele neste år? Syltesukkeret er i alle fall kome for å bli her i huset.