laurdag 1. august 2009

Sjølvberging

Keeperern som no har meldt overgang til Lokomotiv Oslo, har blitt ein ivrig fiskar. I dag kom han heim med seks makrellar. Ein grilla han til seg sjølv til middag (Eg steikte makrell til kveldsmat/middag nr. 2 i går), resten kokte eg slik at vi kan ha han kald i morgon. D.v.s. viss vi klarer å vente. Ein liten smak vert det nok i kveld.

Saftkokaren i stål kjøpte eg tidlegare i veka (Jernia 499,-). Eg har ein saftkokar i aluminium som eg ikkje har brukt på mange år. Den skal eg kaste. No driv eg og eksperimenterer med bær og sukkermengd. Eg har bestemt meg for at ein prossess er nok. Derfor blandar eg saft og sukker direkte i saftkokaren.

Etter mi meining får ein ikkje betre drikke enn heimelaga saft til for eksempel graut og kjøtkaker. Då vi gjekk på heimkunnskap i Bergen fekk vi spørsmål om kva vi skulle servere til avslutningsmiddagen. Mi venninne H. var raskare enn meg til å spørre om vi ikkje hadde heimelaga saft att. Huff! Det var visst feil. Då var det betre med vatn. Og vatn vart det. Ser ein framleis på heimelaga saft som simpel sort? All anna drikke kan kjøpast for ein relativt rimeleg penge.

4 kommentarer:

Besta sa...

I min barndom hadde vi alltid rikelig med heimelaga saft og syltetøy. Bær og frukt fekk vi frå Innvik i store trekasser som kom med "dampen". Vi brukte ofte eit glas saft til middagen i staden for suppe eller dessert. No drikk eg aldri attåt middagen heime. Det er derfor eg gløymer å dekke på med glas!Eg er rett og slett ikkje tørst. Nesten aldri.

solveig sa...

Eg er alltid tørst... Men eg drikk mest vatn. Til nokre middagar høver det ikkje med vatn, t.d. graut...

arieldog sa...

Eg drikk òg mest vatn, men vi er fæle til å drikke sukkerfri saft til middag når det er noko "kjedeleg" (fiskebollar inkludert). Dersom middagen ikkje inneheld så mykje grønsaker som den burde, drikk vi "frokostjuice" for å betre samvitet. Raud saft, og helst heimelaga, er spesielt godt til graut og sosakjøt.

solveig sa...

Eg kjøper ein del Lerum utan tilsett sukker.