onsdag 26. august 2009

Hybelutstyr

Eg har drive og sagt at eg gler meg til ungane blir fattige, slik at eg kan få kvitte meg med ein del ting. Eldstemann reiste til Bodø med koffert for tre år sidan. Vi sende nokre ting etter han i Norgespakkar. Men stort sett har der vore utstyr der han har kome.

Jusstudenten har omtrent ingenting. Han reiste på fly med ein koffert. No driv eg og samlar saman ting og tang som vi skal ta med til helga. Det han saknar mest, er sjølvsagt TV-en. No har vi bestemt at han kan få vår gamle, som kun har bruksverdi, så kan vi endeleg kjøpe oss flatskjerm med godt samvit. (Men har El-kjøp dei flatskjermane som dei reklamerer for i ørten flygeblad? Det får bli eit anna innlegg.)TV-en hans kan stå att her til bruk i feriar.

No har eg leita fram panner, glasbollar og kjøkenklutar. Tekstilane og krusa er nye. Eg har kjøpt dei på ulike kupp. Krusa kjøpte eg for -70% av 99,-men minkar det her heime då? Det kan no vere kjekt å ha fine krus om ein får gjester!

Det er ikkje lurt å kjøpe ihop for mykje i tilfelle det vert flytting på han. Elles er det greit at tinga ikkje er verd så mykje. Sennepsglas og asjettar der koppane som høyrer til er knuste, kjem ingen til å sakne.

Det skal bli kjekt å sjå korleis han bur. Ting ein får kjøpt i Oslo, er det ikkje vits å kjøpe her. Elles blir det kjekt å treffe slekt i Kongsberg.

p.s
Middags- og suppetallerkane har eg arva av Besta. Dei er lysebrune med ekkel lyd.

4 kommentarer:

Besta sa...

Veit ikkje om de kjem innom her? Og om dei to yngste skal vere her.Og om eg har noko som guten treng?

Olaug sa...

Eg kjem innover , Håkon tvilar han kjem. ( han skal på talentsamling laurdag )

Alt godt sa...

Så spennande med Oslo-flytting! Noko av det som er gøy i OSlo er å gå på loppemarknad, der kan ein finne alt mogeleg, tekstilar er kjempebillig, kjøkkenreiskapar og kjørel er også nesten gratis. Dei er på skulane rundt om, og no på hausten er det stort sett sju-åtte loppemarknader rundt om i byen kvar laurdag og søndag. Der kan ein finne det du ikkje har fått med deg/huska på.

Unknown sa...

Takk for tips. Sit på hybelen no. Fint i tigerstaden i dag.