laurdag 8. august 2009

Kvæfjordkake

No står Kvæfjordkaka i omnen. I morgon skal ho, etter råd frå bloggarar, fyllast med Piano vaniljekrem og kremfløyte. Enklare kan det vel ikkje gjerast. Eg brukar mandelflak på toppen.

Oppskrifta eg brukar, har eg funne i ei bok frå 1985. Der vert ho kalla Festkake med marengs. Verdas beste vart ho og kalla. Kan nokon hugse kor tid ho slo gjennom? Var det på åttitalet?

Kokeboka er frå NKL sitt prøvekjøken. Eksisterer noko slikt lenger? Alle har vel nettsider med oppskrifter no!






I oppskrifta står det margarin. I alle oppskrifter der smaken slår igjennom, har eg gått over til å bruke smør.



2 kommentarer:

Besta sa...

Eg hugsar ikkje årstalet, men det var vel tidleg på 80-talet. Ei av dei kv. lærarane hadde med seg ei Kvæfjordkake på skulen. Då var det ein av dei eldre mennene som måtte innrømme at han hadde lyst å sleike fatet. Sjølv likar eg best friske kaker med frukt og krem. Surt framfor søtt!!

Hildegard sa...

Artig å lese "matbloggen" din.
Eidabesta