måndag 10. august 2009

Tupperwareprat

For å få med meg Kvæfjordkaka, la eg den rett på Tupperwarefatet til den firkanta "tina". Kaka fylte eg slik: Eg rørte litt i Pianovaniljekremen (1 pk) før eg hadde i piska kremfløyte (2 dl).
Blautkaka måtte eg ha på eit litt lite fat. Eg meiner at Tupperware lagar dei runde tinene sine for små. Viss dei ville ha alternativ, kunne dei no lage slingrekant på eine sida slik at ein kan velje. No er denne rett nok frå 80-talet. Dei kan ha fått glupe idear sidan då?
---
I dag sleit eg med kremfløyten. Eg vil verken skulde på meieriet eller hundedagane. Eg oppdaga at temperaturen i rommet kraup opp mot 30 grader. Kremfløyte vert til smør ved 21 grader las eg i avisa i går. Det er med andre ord ikkje særleg smart å piske varmluft inn i kremen.
---
Elles så gjekk kakene unna. Ein kar kom og kjøpte med seg heim resten av denne kaka, han venta gjester, og ville gjerne servere heimelaga kaker.

6 kommentarer:

Jo sa...

that looks really good

arieldog sa...

Likar duken din (bombe)...

Besta sa...

Den bløtkaka (skriv du blautkake ein gong til , så uler eg)liknar veldig på dei eg ein sjeldan gong lagar. Men eg sprutpyntar aldri kakene. Kremen er mykje betre når han ikkje er så stivpiska. Men somme meiner at kaker skal vere fine også-eg synest det er greitt nok at dei er gode.Men så er eg heller ingen konditor!!!!!!

Besta sa...

Tupperware-tinene er altfor små. Så eg har gått over til kakeesker, som ein får kjøpe for ein billeg penge på COOP, når eg skal ha med meg kaker.Noko anna er det viss ein skal lagre kaker heime.

Elin sa...

Heilt einig i Tupper-kritikken av runde tiner. Heilt utruleg at dei ikkje lagar dei større. No har eg ei gammal der eg får plass til eit kakefat inni, men skulle gjerne hatt ei ny.
Når det gjeld Verdens beste, har lurt på om det var lurt med litt gelatin i fyllet, eg tykker det tyt ut alle vegar, har du prøvd det? I så fall, korleis gjer ein det på lettaste måten?

solveig sa...

Ei venninne av meg bruker gelatin i fyllet. Det har eg tenkt å eksperimentere med ein gong eg ikkje skal gje vekk kaka. Eg får spørre henne kor tid og i kva slags krem ho har det.