torsdag 27. august 2009

Pakka og klart?

Mykje minner om Røvarhuset her, ingen vil rydde og ingen gjer det. Øystein har vore i Brattvåg med guttelaget medan eg har pakka og styrt på. Det er synd at skritteljaren slutta å telje tidlegare i veka. Elles kunne eg fått utteljing og dokumentasjonfor alle gongane eg har vore opp og ned trappa.

No trur eg at eg kan seie meg ferdig for i dag. Det siste eg har gjort, er å lage ein pastasalat til niste i morgon. Første gongen eg laga pastasalat, hadde eg egg i. Det har eg halde fram med. Det er mettande og godt. Den tida eg jobba med utlendingar, lærte eg at det var ein ting alle åt, nemleg hardkokte egg.

Medan ein pakkar flyttelass til ein som skal studere i fem år, gjer ein seg opp nokre tankar, til dømes om den dagen ein skal hente flyttelasset. Kvar vegen går då, vil tida vise.

I morgon satsar vi på å ta ferje over Sognefjorden i. Det er kortaste vegen, og så får ein pausar der ein får strekke på beina.

Då står det berre att å ønskje blogglesarane ei riktig god helg!

2 kommentarer:

arieldog sa...

Hels så masse! Vi er spent på korleis dette går, både med byliv og studier.

solveig sa...

Det skal vi gjere! Det vert mykje å rapportere over helga! Eg ringte han i åttetida. Då var han på lesesalen.