måndag 31. august 2009

I Oslo

Første punkt på programmet var sjølvsagt å få på plass TV-en og kassene med utstyr til studenten. Øystein har ein intelligens som eg manglar, nemleg retningssans. Han fann fram utan GPS. Rett nok har han budd i Oslo eit år i sin ungdom. Men uansett greier han å imponere meg.
"Hvor er Øystein?". Eg har sett på Frukost-TV at politikarane har standar på Karl Johan. Eg fekk ein idé om å bli fotografert saman med ein kjendis. Tenk å fått ei rose av Jens? Det hadde vore noko å hatt bilde av på mobilen! Dette bildet var det nærmaste vi kom ein kjendis. Dei kjende politikarane gjer vel berre små stunt, tenkjer eg.

Studenten utanfor universitetet.






Vi hadde oss ei butikkrunde også. Skøyteledningar er det stort behov for på hybelen.
Eg fekk meg ei rask runde på Christiania Glassmagasin. Der var det halv pris på alt! Køane var deretter. Eg la merke til store mengder Finn Schøll-servise. I følgje glasmagasina her som ikkje fører Porsgrunn, vert desse servisa produserte billeg i utlandet.
Det einaste eg hadde tenkt å kjøpe, var eit dørslag til studenten. Med ein fullpris på 1069 kr, slo eg det frå meg. Det finst rimelegare sjapper.
Tida gjekk svært fort i hovudstaden. Eg liker godt å nyte byliv. Det vart berre kortvarianten i år. Om ikkje før, reknar eg med å reise nedover til Norway Cup neste år.



2 kommentarer:

Besta sa...

Ser Øystein har kurs mot Venstre, trudde han var ferdig med det?
Sjølv brukar eg å seie at Sponheim egnar seg ikkje på Stortinget, men ville passe godt som KONGE.

solveig sa...

Han har kurs oppover. Dette var berre det næraste vi kom ein kjendis. Elles såg vi PålTJ frå TV2. Så no har eg fått svar på spørsmål om håret hans.