tysdag 11. august 2009

Bok 49: Festspeldiktar

Forfattaren av denne boka er valt til festspeldiktar neste år, på tide spør du meg! Kvar novelle i denne samlinga set deg i ei spesiell stemning. Kvar novelle har eit poeng, sjølvsagt. (Jfr: Romanen eg nettopp las som eg meiner er utan poeng.) Tankar vert sette i sving. Språket er svært godt.

Dette er ei novellesamling eg absolutt vil tilrå. Forfattaren har også skrive mykje for ungdom. Ho var representert med to noveller i det norskverket vi hadde før. Korleis det vert i det nye eg skal begynne med i 10.ande i år, veit eg ikkje.

2 kommentarer:

Besta sa...

Til tross for at Rønnaug er ei "gammal" veninne, har eg ikkje lese alle bøkene hennar.Denne bladde eg litt i på biblio i går. Språket hennar er framifrå, men ikkje ALT eg har lese av det ho har skrive, har appellert til meg.

solveig sa...

Denne boka eig vi, så den kan du få låne.