måndag 10. august 2009

Aloha

Dei som har følgd med bloggen ei stund, veit kvifor eg har ei Aloharose ståande midt i åkeren. I fjor sette eg nemleg tre einslege roser ned i åkeren. Eg hadde dei inne i vase først. Då dei var avblomstra, kutta eg hovudet av dei og sette dei i god mold, midt i åkeren. Ei dauda, ei er det liv i og den tredje har vorte ei flott rosebusk. Gjett om eg har sett ned fleire rosestilkar rundt om i hagen!

2 kommentarer:

Besta sa...

Rosa som eg fekk med deg lever, men er ganske lita enno, men så lenge der er livhar eg eit stort håp om utvikling.Eg "samlar på rosa roser. Kjøpte ein gong to gule, og den eine døde, den andre har eg planer om å flytte. Har lært litt av Sissel...ikkje blande altfor mange fargar.

solveig sa...

Det kan no bli mange av ein sort her! Det kan bli fint. Eit anna alternativ er å gje vekk... Alohaen luktar godt, og skal vere fin til rosegele.