søndag 30. august 2009

Turen sørover

Vi tok laus frå Hareid kvart på tre fredag ettermiddag i fint ver. Men i Våtedalen vart det vått!
Dei som ikkje har køyrt gjennom Sogn til Austlandet, har noko å sjå fram til! Her er utruleg flott natur. Med farsslekt frå Sogn og morsslek frå Nordfjord, køyrde eg mykje rundt i Sogn og Fjordane i min barndom. No er vegstandaren ein heilt annan! Vegane er oppgraderte og her er tunnelar som gjer reisa kort. Når du reiser etter jobb, er det fint å kunne strekke på beina på ferjene.

Vidare gjekk turen over Hemsedal. Hyttene her er mørkebrune.


Bilde til bloggen! Desse er tekne i åttetida om kvelden.

Dette vert alt for i dag. Eg skal kome sterkare attende med fleire bilde og tankar seinare.




3 kommentarer:

Besta sa...

Det var bra du tok bilde på høgste punktet på Hemsedalsfjellet, så kan eg berre opne bloggen din kvar gong eg har gløymt metrane o.h.

Elin sa...

Ikkje verst at de hadde tid å stogge...

solveig sa...

Godt å få litt frisk luft! Vi var i Kongsberg kvart over elleve.