måndag 31. mai 2010

Brød

Når ein arbeider heime med stillesittande arbeid, kan det vere godt å lette på seg av og til.  Då passar det bra med brødbaking.  Dette flate brødet laga eg på same måte som focaccia.  Eg hadde olje på deigen og trykte det ut med hendene.  Etterpå ruta eg det opp med deigskrapa. Dette er ein lettvint måte å lage småbrød på. I dag hadde eg solsikkefrø og havregryn i deigen.

Så fall eg for freistinga å lage ein focaccia. Den står i omnen no. Studenten kjem fram i halv tolv tida i kveld.  Han har vore i hovudstaden i helga på ACDC-konsert. Han kjem nok til å gjere eit innhogg i yndlingsbrødet sitt.

No har eg gjort det igjen ...

Eg har sagt ja til å vere med på ei marknadsundersøking.  Spørsmålet som kom for ei veke sidan var om eg kunne tenke meg å få tilsendt Dagbladet og VG med magasin og svare på nokre spørsmål. Jaudå. Vi er svært glade i aviser her i heimen.  Og det er greit med alt som er gratis.

Laurdag kjøpte eg ikkje aviser. Det kunne hende eg fekk dei likevel!  Kva skjedde? Laurdag kom desse avisene i posten.  Av ein eller annan grunn vart dei ikkje pakka ut før i dag.  Så eg ante fred og ingen fare, og sette meg ned med avisene og magasina.  Men så begynte eine magasinet og virke litt kjent!  Kva ser eg?  Avisene er frå 8. mai. Er det lov å føle seg litt snytt?

søndag 30. mai 2010

Kaninnytt


Sjå kven som har flytta inn i hagen til naboen!  Systra  Broren, har vi no fått vite, til Amanda sin kanin!  Olaug sin Nusse er altså faren.  Denne kaninungen er visst lik mor si.

laurdag 29. mai 2010

Stunt

Jenter på tur!

I dag har ei venninne og eg vore på vår vålege og årlege tur til Nerlandsøya.  Der er det drivhus fulle av sommarblomster.  Kvart år brukar eg å velje meg ut nokre fargar å satse på.  I år tok eg utgangspunkt i appelsintreet først og fremst.  I tillegg står engletrompeten og daturaen ved inngangen.
Eg synest det er så fint med dei grå korgene til oransje.  Denne skal appelsintreet plantast i til vinteren kanskje.  Litt nytt må til.  men eg er ikkje av typen som berre kastar alt det gamle ...
Her i bygda har eg ikkje funne lecakuler.  Det er mykje lettare enn gråstein. 

No skal eg ut og plante!  God helg alle saman! 

Gratulerer Amanda!

I dag vil vi gratulere Amanda med 10-årsdagen!
Jubilanten er opptatt med ballett i dag.

Bildet har eg knabba frå mora sin blogg.  Eg har mimra litt over min eigen 10-årsdag.  Det var ein stor dag.  Alle ti jentene i klassa kom i selskap i tillegg til andre inviterte.  Eit par jenter kom med gåver på føremiddagen, slik at dei og fekk kome.  Vi hadde nettopp fått oss kattunge, Mons.  Ei av jentene, ho er forresten ven med meg på facebook, var temmeleg raud i augene av allergi då ho gjekk heim.

fredag 28. mai 2010

Gode naboar ...

... høgg ned tre som skygger for sola til naboen! Studenten har vore på opplæring i Ørsta og tok første økta.  Deretter har Øystein teke over.  I vedsekkene bak har frøkna samla seljegreiner som ho skal tørke til kaninane.  No er Nusse på eit todagars opphald hos venninnene sine. Paradise hotel, I say no more.


Hugsar de den raude, fylte peonen som eg plukka inn 6. juni i fjor?  Eg har talt knuppane.  Der er seks i år som i fjor, så det kan hende dei skal få stå i fred i år.  Kanskje vi skal pynte med ballblom og forglemmeiei på svenske flaggans dag?
I forgårs planta eg eg skvåsjane over i større potter.  Samtidig sådde eg nokre ruccolafrø.  I følgje mi slovenske venninne, veks ruccola mest som ugras i hennar heimland.  Dei spira i alle fall fort! Ruccola har overvintra her før, men i år er den vekk.

torsdag 27. mai 2010

Flytta inn

Denne gjengen høyrer eg kvar gong eg går forbi dei i hagen, eller når eg skal hente noko i matboda.  Det er stareungar. 

onsdag 26. mai 2010

Tony goes to Hollywood?

Ikkje veit eg, men har dreg i alle fall til USA, Austin Texas nærare bestemt.  Dette er ein frittståande film i serien "Arr i sjelen".  Eg har fått låne DVD-en av ein krimkompis. 

Sesong 6 har ikkje vorte vist på norsk TV, så den var teksta på engelsk og svensk.  Denne filmen er innspelt mellom sesong 5 og 6 og er ikkje teksta.  Her gjeld det å ha skjerpa sansar.  Eg gler meg!

Dessverre vert nok dette det siste vi ser av Robson Green i denne rolla.  TV-selskapet satsar på rimelegare seriar.  Kvalitet kostar.  Synd at det ikkje vert verdsett.


PRAYER OF THE BONE
Tony finds himself a fish out of water when he’s invited to Texas as an expert witness in a case of family annihilation. Known drug addict and Iraq combat vet Darius Wade has confessed to brutally slaughtering his wife and two young children. His defence team claim that Darius’ traumatic experiences in war have left him with PTSD, and he committed his crime while hallucinating- a mitigating factor that should spare him the death penalty. The prosecution want Tony to join with them in proving that Darius’ supposed PTSD is a fraud, especially in light of a rape crime he committed while stationed in the UK- a crime for which Tony interviewed him but for which he escaped justice because the US Air Force whisked him home.


Alone in a strange country, surrounded by hostile lawyers and police, Tony finds himself at the centre of a maelstrom of competing legal and political interests. He’s insulted, threatened, framed and physically attacked… And meanwhile his doubts grow about the case. Nobody is quite what they seem. And everyone has a vested interest in Darius. Everyone, that is, except Darius himself, who seems peculiarly determined to die.

Kjelde: http://www.coastalproductions.co.uk/production/wire-blood-prayer-bone/

tysdag 25. mai 2010

Trimtur

I dag vart vi berre to på tysdagstur, så vi fann ut at vi kunne gjere ein liten vri.  Vi starta frå Bigset og gjekk framover mot nesset og oppover grusvegen.
Her ser vi heimover.
Bakken ovanfor dette huset vert kalla feittbrennaren. Ein treff fol som spring opp og ned. Den er sikkert fin for kondisen og.

P.s.
Bilda er tekne med mobilkamera.

Kan dei etast?

"Er dei etande?" var det første spørsmålet eg fekk då appelsintreet kom i hus.  Eg var sjølvsagt rask til å svare:"Dei skal ikkje etast.  Dessutan er dei sure!" Kor sant dette er, veit eg ikkje.  Men så begynner eg å lure på om dei er trygge å ete.  Eg meiner Finn på Fruskost-TV sa at ingen norske plantar skal ha gift i seg etter 14 dagar.

No står appelsintreet ute og kan sjølvsagt freiste ein forbipasserande på vegen. I fjor forsvann eit par blomsterhovud som stod nær vegen.  Det er slikt som høyrer med til å ha små jenter til naboar, trur eg.  Men eg vil no ikkje at nokon skal få i seg farlege sprøytemiddel. 

måndag 24. mai 2010

Dagens focaccia

Utgangspunktet for dagens focaccia var eit fetaostglas tomt for fetaost, men med ein del olje att.  Oljen gjekk i brødet.  I staden for å spreie olivenane utover brødet, fann eg ut at eg kunne lage eit brød med halvparten oliven, rosmarin og salt og halvparten berre rosmarin og salt.  Så kan folk ete frå den enden dei vil!

Rosmarinen smakar kjempegodt når han får tørke oppå brødet.  I dag serverte vi ost attåt til kveldsmat.  Elles er dette godt suppebrød.  Oppskrift finn du her.


På fjellet i flokk

Medan nokre går på fjelltoppar for å finne ro, liker andre å treffe folk.  2. pinsedag er det gudsteneste på Melshornet her.  Der bruker å kome ca 200 personar.  Det er Hjørungavåg idrettslag som arrangerer.  Hjørungavågspeidarane overnattar på fjellet, og Hjørungavåg Brass (?) spelar til salmane.

Presten starta med å fortelje om salmane. Eit år hadde han trykt opp same arket som året før, men det fekk han kommentarar på.  No er det ikkje så mange pinsesalmar å velje i, orsaka han seg.  Vidare sa han at han kom til å bruke litt av preika frå i går.  Eg trur ikkje han hissar på seg lærarar.  Vi veit omtrent kor mykje repetisjon som krevst ...

Hadde eg visst korleis veret ville bli i dag, kan det hende eg hadde prøvd å snike meg unna.  Det snøa til og med.  Sjølv om ein vert både kald og våt, gjer ein slik tur godt for kroppen.  Ekstra kjekt er det å treffe på gamle kollegaer.  Eg jobba på Hjørungavåg skule i fleire år, eller jobba ikkje, som eg plar seie.  To lange svangerskapspermisjonar gjorde at eg omtrent var meir vekke enn eg jobba.  Ei dame skrytte til og med av bloggen der ho hadde funne ei god sveleoppskrift i fjor.

søndag 23. mai 2010

Snøgg-gele


I dag sette eg frøkna i sving med å lage gele medan eg laga middag.  Ho kokte opp halvparten av vatnet og rørte ut pulveret.  Etterpå hadde ho i kaldt vatn.  Til slutt hadde ho oppi bær frå frysaren.  I dag vart det bringebær- og blåbærgele. Geleen stivna raskt. 

På baksida av bringebærgelepakken fann ho eit tips om gele med friske bær i stetteglas.  Det vil ho lage til 13-årsdagen.

P.s.
Kvar har det vorte av lettgelepakkane?  Eg finn dei ikkje i butikkane på Hareid.

Skvåsjnytt

Til nye blogglesarar kan eg opplyse at eg har ein fast følgjetong på bloggen: Skvåsjnytt.  Der kan de følgje skvåsjane mine frå frø til "frukt".  Akkurat no irriterer det meg at eg brukte opp all kjøpemolda mi i går.  Dei kunne godt ha fått større potter.  Enno er dei inne.  Eg ser frå skvåsjnytt i fjor at eg planta ut 12. juni.  I mellomtida skal dei få vere på altanen.

Viss eg har lite å skrive om, vert det altså ikkje agurknytt, men skvåsjnytt på bloggen.

laurdag 22. mai 2010

Bok 21: Norsk debutant

Denne boka fengde meg ikkje.  Eg synest handlinga var lite original.  Forfattaren greier ikkje å kome under huda på personane.

OK.  Eg les kanskje mykje krim.  Og i krimbøker er det alltid mykje handling.  Men eg vil påstå at t.d. Anne Holt sine personar er meir interessant skildra enn personane i denne boka.

For all del - les boka og gjer opp di eiga meining!  Lydboka er på berre 4 CD-ar.

Flytte ut

Dagen i dag starta med regn og skodde.  No ser det ut til at sola skal trengje gjennom skodda.  Men vi er lova meir regn i dagan som kjem.  Dette er flott ver for utflytting.  Her er plantar inne som skal få vere ute om sommaren.  Då vert det ryddigare inne og. 

Planten på bildet fann eg halvforsømt i ei krå i vindaugskarmen her på datarommet. Det er ein avleggar frå Ørsta.  Eg batt han opp med ein trepinne og ei orkidéklemme.  Kanskje han helst burde få henge?

fredag 21. mai 2010

Steikje godt!

Blogglesarane hugsar kanskje at eg utfordra Alt godt om å kome med ei oppskrift med kyllingkjøtdeig til bruk på skulekjøkenet.  Ho tok utfordringa på strak arm!  Ein av rettane var denne kyllingforma. Denne veka har vi laga forma på skulekjøkenet.  Rykta om den gode retten har spreidd seg til lærarromet.  Fleire fekk med seg oppskriftarkark heim. 

Observante blogglesarar vil sjå at eg har tilpassa oppskrifta til skulekjøkenbruk.  Eg har tatt litt mindre av dei andre grønsakene og lagt til ei gulrot.  For å ikkje få for mange ingrediensar har eg gått for eitt krydder: Pasta basilico.  Den kvite sausen er laga på enkel og mager måte. 

Kyllingform

Grønsaker:

½ raudløk
1/3 skvåsj
½ raud paprika
1 gulrot
1 båt kvitløk
1 ms olje
1 ts pastakrydder
● Wok grønsakene i oljen til dei er mjuke. Dryss over krydderet.

Kjøtfyll

400 g kyllingkjøtdeig
1 ms olje
1 ts pastakrydder

1 ms tomatpuré
1 ts buljongpulver
1 dl vatn

● Steik kjøtdeigen i olje. Dryss over krydder og buljong. Ha i tomatpuré og vatn.

Ostesaus

4 dl mjølk
½ dl kveitemjøl

2 krm salt
½ krm pepar
½ krm muskatnøtt
(1 ts sitronsaft)

100 g riven ost

● Pisk saman mjølk og mjøl i ei tjukkbotna panne. Rør til det kokar.
● Ha i krydder og eventuelt sitronsaft. Lat det koke på lav temperatur i ca 5 minutt.
● Ta panna til side og ha i halvparten av osten.
● Legg grønsakene i botnen på ei eldfast form. Ha kjøtdeigen over grønsakene.
   Ostesausen skal vere øvst. Strø over resten av kvitosten.
● Steik kyllingforma ved 200 grader ca 30 minutt.
Kvitløksbagettar smakar godt til denne retten.

torsdag 20. mai 2010

Torsdagstur

I dag sette resten av gjengen i gang med husarbeid og hagearbeid medan eg tok meg ein bytur. 
Ærendet var, ikkje overraskande, ein tur på biblioteket.  Blogglesarane ser vel kva bok eg skal lese først av desse?
I staden for å vente til neste år, kjøpte eg meg eit par bunadsøyredobbar som eg kan pakke vekk saman med resten av sølvet.  Eg kunne hatt både raude og grøne steinar i om eg ville.  Tredje alternativet var nokre litt mindre enn dei eg enda opp med.  Ein må no få velje litt sjølv!  Eg meiner at eigentleg kan ein ha det sølv ein vil.  Dei som har arva søljer, må sjølvsagt få bruke det sjølv om det ikkje står i boka til den bunaden ein har.  Viss ein skal ta utgangspunkt i tradisjonar, er no vel arv den eldste?

Amfi har fått blomsterbutikk.  Denne spanske margeritten måtte eg berre ha med heim!  Eg reknar med at blogglesarane ser for seg denne saman med appelsintreet og daturaen!

onsdag 19. mai 2010

19.mai 2010

For eit par veker sidan var eg saman med eit par venninner som hadde stressa med å klippe roser.  Sjølv er eg alltid litt seint ute.  No har bjørka museøyre og eg trur ikkje vi får frostnetter.  Westerlandrosene mine har fått seg ein knekk i vinter.  Det verka som der var litt liv, men der var litt frostskadar.  Hugsar de Aloharoseavleggarane mine?  Berre ei ny har overlevd  den harde vinteren.  Det er ein liten avleggar som blogglesarane kanskje får sjå meir av i sommar.

Rhododendronen blomstra ikkje til 17. mai i år.  Men i dag har den kome i rekordfart!
Dette er den mørkeraude peonen som vi pynta bord med 6. juni i fjor.

Bok 20: Pengemannen


Det skjer fleire mord i Oslo.  Det mest oppsiktsvekkande er mordet på ein kvinneleg biskop.

Politimannen Yngvar Stubø er sett på saka, medan kona, kriminologen Inger Johanne Vik, som forskar på hatkriminalitet, finn samanhengar.

Finst det grupper som vil drepe homofile?

Anne Holt byggjer opp ei historie med mange forgreiningar.  Ho greier og det kunsttstykket å presentere personane slik at det ikkje går i surr for ein lesar eller lydboklyttar.  Personane er interessante, og nokre av dei kjenner ein frå tidlegare bøker. Oppklaringa er logisk. 

Alt i alt likte eg denne boka god!  Les gjerne meir om boka her.

tysdag 18. mai 2010

Ønsk velkommen det du ikke kan unngå

Så sit eg her og filosoferer over livet og eksamen.  Eg trur det skal bli nok å gjere i morgon.  Det gjeld å ha noko å skrive om.  I førebuingsstoffet er der mange tekstar til ettertanke.  Mykje diskusjonsstoff er der og.

Eit vanleg hjartesukk er: Kva skal eg ha til overskrift?  Sidan elevane kan lagre det dei vil på minnepennane, tenkte eg kanskje denne sida ville vere til hjelp.

Eit par smakebitar:

Man skal stå oppreist, ikke holdes oppreist.

Marcus Aurelius

Evig solskinn skaper ørken.

Kjærlighet ved første blikk er omtrent like pålitelig som en diagnose ved første håndtrykk.

George Bernard Shaw

Lykke er ikke noe du opplever, det er noe du husker.

Oscar Levant

Tema: Liv


Så kom klasse 10 B opp i norsk!  Årets tema er LIV.  20 sider førebuingsmateriell ligg på nettet.  Sidene er passordbeskytta, men blogglesarane skal få eit par smakebitar.






Da vi lette etter hunden
Da vi lette etter hunden
fant vi den ikke
hverken ute eller inne.
Da vi lette etter lykken
fant vi hunden
under trappen.

Annie Riis

Den store lyrikkboken.




måndag 17. mai 2010

17. mai 2010

Her har eg stilt meg opp på fast plass for å få det tradisjonelle 17. mai-bildet.  I år gjekk ordføraren fremst med kjedet sitt. Flott!
I år var det eit blanda korps som spelte.  Skulekorset har fått nye uniformer.
I løpet av dagen vert det ein del diskusjonar/samtalar.  Ein lærer stadig noko nytt.  Bunadar og bunadsøll vert kommentert.  Sjølv såg eg spesielt på øyredobbar i år.  Eg lånte frøkna sine som skal vere til Sunnmørsbunaden.  Eg må finne meg nokon utan gull i.  Ei nabodame fortalde meg at det no er populært med oksidert sølv til sett nummer to til Sunnmørsbunaden.  Sett nummer to?  Kva vert det neste.

Seinare fortel ei anna mor meg om gårsdagens krise: Opplegging av uniformsbukse.  Og eg må innrømme at eg tenkte på det i går då eg la opp buksa til frøkna: Er det alle som kan "rette" saumen.  Eg viste henne at ho har stinga på capeen sin.  Det er enkelt! (Spesielt når ein har fått mannen i huset til å finne rette sidda og dampa bretten på førehand.) Ho hadde fått profesjonell hjelp, og det er no ei ærleg sak. 

Gratulerer med dagen!

Her kan vi melde om 8 plussgrader og opphaldsver.

søndag 16. mai 2010

Melde for upassande innhald

Dei som er vener med meg på facebook, er kanskje skuffa over at eg ikkje svarer på alle "førespurnader" og melder meg inn i ulike grupper.  Politiske meiningar held eg stort sett utanfor facebook og blogg.  Såkalla støttegrupper for ulike saker er eg forsiktig med å "vere med".  Men no har eg støtta Støttegruppen for Ole Kristian Navrud og familien.  Viss saka er slik som den vert framstilt påTV2, så meiner er dette er for strengt. Feilen vart eventuelt gjort då dei fekk lov til å gifte seg i 2008.

Ei anna gruppe har eg meldt for upassande innhald. Det er såkalla lik dette.  why test on animals when we have pedofiles in prison. Som grunngjeving oppga eg rasistisk og krenkande innhald.  Ingenting har skjedd, for dette er kanskje greitt i USA?

Ein gong eg sat her og las ein kommentar i Vikebladet, tilkalte eg journalisten i familien.  Sjå her, sa eg.  Du må trykke på upassande innhald, svarar han, så plingar det i redaksjonen.

No håper eg at fleire enn meg reagerer og let det plinge i facebookredaksjonen - og kanskje i hovudet på nokre av dei som har trykt på lik dette.

Gratulerer "Lykkelig kriger"!

I dag er Eivind 8 år! Her kan du lese om namnet ditt.

laurdag 15. mai 2010

Korpskake

Det er dugnadsdagar for tida.  I dag hadde eg fått eit enkelt oppdrag: Levere ei langpannekake og ei kanne kaffi i kiosken til korpset. Eg høyrer og ser at mange kjøper halvfabrikata for å gjere det enkelt og for å ikkje mislykkast. Rotet vert no det same omtrent.  Oppskrifta nedanfor er enkel, og kaka er populær.  Til barneselskap kan ein pynte den med smågodt.  Sjølv har eg smakt kaka, men den vert for søt for meg.

Kaka er utan egg.


Sjokoladekake m/kefir

(stor langpanne ca 5 l)

11 dl kveitemjøl
5 dl sukker
3 ms kakao
4 ts natron
2 ts kanel
2 ts vaniljesukker

1 l kefir
300 g smelta margarin
1. Set omnen på 200 grader.
2. Ha bakepapir i ei stor langpanne.
3. Smelt margarinen. Avkjøl litt.
4. Bland saman det tørre.
5. Rør inn mjølka. Røra skal bli klumpefri, men ikkje seig.
6. Rør inn margarinen og ha røra i langpanna.
7. Steik kaka i ca 40 minutt på nederste rille.

Glasur:


100 g margarin
2 ms sterk kaffi (Kok kaffi: Ha 2 ts pulverkaffi i ½ dl kokande vatn)

1 ms kakao
1 ts vaniljesukker
250 g melis

1. Smelt margarinen (her kan du ikkje bruke flytande margarin) og ha i kaffi.
2. Sikt i resten av ingrediensane.
3. Ha glasuren på kaka medan ho er lunken.
4. Pynt kaka etter eigen fantasi!

17.mai-stemning på Hareid den 15.

I dag hadde handelsstanden fått samla alle korpsa i kommunen til eit felles tog.  Flott ver bidrog til reine 17-mai-steminga.  Så mange korps får vi ikkje høyre då.

I Ørsta var eg van med at alle krinsane kom til sentrum til felles tog. Vi gjekk i tog ut ungdomsskulen.  Der var mange som ikkje gjekk i korps eller speidar, så dei gjekk saman med klassa si.  Alle klassene hadde faner.  Her feirar kvar krins for seg.  Det gjer at toga vert noko korte.

Men i dag var altså toga samla til felles jegermarsj.

Resten av ettermiddagen har gått med til grilling på altanen og hagearbeid.  Vi har testa ut Coop-kjeden sine 3 for 69-pølser.  Dei argentinske fall i smak her.

fredag 14. mai 2010

Frå boblejakke til bikini?

OK, det er kanskje å overdrive, men veret har endra seg raskt dei siste dagane.

I dag hadde vi ærend i næraste tettstad, Ørsta.  Sjølv kjøpte eg meg ikkje så mykje der.  Men vel heime på Hareid skulle eg kjøpe mat på Prix då eg oppdaga denne planten.  Det er ein engletrompet datura.  Vert han ikkje flott saman med appelsintreet?  For dei som lurer: Den gamle engletrompeten, kvite lever.  Det gjer også pasjonsblomsten.


Denne vesle tassen fekk vi hit i går.  Han har overnatta på vaskerommet vårt.  No tippar vi at han er på veg frå Ørsta til sin eigen heim hos Amanda.  Vår kanin, Nusse, er faren.  Marlon, den andre kanina vår, er onkelen.  Men veslekanina er prikk lik onkelen som bur i nabohagen.  Morsslekta har vi ikkje kontroll på.