måndag 24. mai 2010

På fjellet i flokk

Medan nokre går på fjelltoppar for å finne ro, liker andre å treffe folk.  2. pinsedag er det gudsteneste på Melshornet her.  Der bruker å kome ca 200 personar.  Det er Hjørungavåg idrettslag som arrangerer.  Hjørungavågspeidarane overnattar på fjellet, og Hjørungavåg Brass (?) spelar til salmane.

Presten starta med å fortelje om salmane. Eit år hadde han trykt opp same arket som året før, men det fekk han kommentarar på.  No er det ikkje så mange pinsesalmar å velje i, orsaka han seg.  Vidare sa han at han kom til å bruke litt av preika frå i går.  Eg trur ikkje han hissar på seg lærarar.  Vi veit omtrent kor mykje repetisjon som krevst ...

Hadde eg visst korleis veret ville bli i dag, kan det hende eg hadde prøvd å snike meg unna.  Det snøa til og med.  Sjølv om ein vert både kald og våt, gjer ein slik tur godt for kroppen.  Ekstra kjekt er det å treffe på gamle kollegaer.  Eg jobba på Hjørungavåg skule i fleire år, eller jobba ikkje, som eg plar seie.  To lange svangerskapspermisjonar gjorde at eg omtrent var meir vekke enn eg jobba.  Ei dame skrytte til og med av bloggen der ho hadde funne ei god sveleoppskrift i fjor.

2 kommentarer:

Tove sin strikkeside sa...

Jeg hørte dere hadde det kjekt på Melshorn. Har fått inside informasjon - er gift med presten. Det er en flott tradisjon å gå på fjellet 2.pinsedag for gudstjenste. I år var der ca.200 stk, andre år har det vært mange flere. Det skal MYE til for å avlyse denne gudstjesten. Husker han gjorde det en gang, pga storm med regn/snø. Det var faktisk flere som protesterte i etterkant.

Jeg synes det er koselig å følge bloggen din.

solveig sa...

Det året hadde ikkje eg tenkt meg! Eg har eit fint bilde av oss to på fjellet , i shorts meiner eg, for fleire år sidan.
Veret har mykje å seie for om ein vert sittande. I dag pitla vi oss berre ned att.
"Kritikk" må både prestar og lærarar leve med. I dag tok han brodden av den før han starta ;-)