"Er dei etande?" var det første spørsmålet eg fekk då appelsintreet kom i hus. Eg var sjølvsagt rask til å svare:"Dei skal ikkje etast. Dessutan er dei sure!" Kor sant dette er, veit eg ikkje. Men så begynner eg å lure på om dei er trygge å ete. Eg meiner Finn på Fruskost-TV sa at ingen norske plantar skal ha gift i seg etter 14 dagar.
No står appelsintreet ute og kan sjølvsagt freiste ein forbipasserande på vegen. I fjor forsvann eit par blomsterhovud som stod nær vegen. Det er slikt som høyrer med til å ha små jenter til naboar, trur eg. Men eg vil no ikkje at nokon skal få i seg farlege sprøytemiddel.
2 kommentarer:
Synest at dei appelsintrea som er til sals no har større frukter enn dei vi hadde før i tida.Ja, plantane er vel større dei også. Trur neppe appelsinane er giftige, men om dei er gode finn ein berre ut ved å smake. Trur eg ville SAGT at dei var giftige, sånn for sikkerheits skuld.
Eg har fått beskjed om at vi i alle fall må ha appelsiner i kjøleskapet!
Legg inn en kommentar