I dag har ei venninne og eg vore på vår vålege og årlege tur til Nerlandsøya. Der er det drivhus fulle av sommarblomster. Kvart år brukar eg å velje meg ut nokre fargar å satse på. I år tok eg utgangspunkt i appelsintreet først og fremst. I tillegg står engletrompeten og daturaen ved inngangen.
Eg synest det er så fint med dei grå korgene til oransje. Denne skal appelsintreet plantast i til vinteren kanskje. Litt nytt må til. men eg er ikkje av typen som berre kastar alt det gamle ...
Her i bygda har eg ikkje funne lecakuler. Det er mykje lettare enn gråstein.
No skal eg ut og plante! God helg alle saman!
2 kommentarer:
Eg kjøpte tagetes på Prix og Pekas,ellers lite nytt i år.Engletrompet fikk eg igjen,det blir liksom "barnebarnet"av avleggaren eg ga bort ein gang
Eg får ikkje til å ta avleggarar av min engletrompet. No har eg både appelsintre, datura og engletrompet som må inn om vinteren.
Legg inn en kommentar