måndag 12. oktober 2009

Nye panner - igjen

Desse pannene kom i posten i dag. Dei er av same type Høyang Polaris som eg kjøpte til blomkålsuppe (m.m.)i sommar. Handtaka kan takast av, noko som er ein fordel i panneskapet. Og ein kan setje dei i steikeomnen. Dei pannene som skal ut av skapet, kjøpte eg då vi budde i Ulsteinvik, altså for 22 årsidan.

Kvifor dei kom i posten? Jau, eg fekk dei "gratis" på trumf/flust.

For nokre år sidan kjøpte eg meg større panner. No vert det bruk for mindre panner i kvardagen, men større innimellom. For å seie det slik, eg trur eg er utrusta til dei fleste familiemiddagar, også om storfamilien kjem.

7 kommentarer:

Besta sa...

Ja, pannar eller kasserollar, må skiftast ut når dei ikkje er gode eller appetittlege lenger.Prøvde å få kjøpt ein aluminiumskasserolle på Kongsberg. Dei såg på meg som om eg kom frå ein annan planet. Men det er det beste til graut etc. og det sa eg til dei.

solveig sa...

Heilt einig. Eg tek fram dei eldgamle på skulekjøkenet til graut ein gong i året. Heime kokar eg graut så seint at det går bra med meir moderne panner.

Besta sa...

Det aller luraste er å koke opp grauten og sette den i kald steikomn. Såkalla "dynegrøt", som det står på pakkane med risengryn.

solveig sa...

Eg bruker restar av middagsris og mjølk som eg set på 1. Då vert det graut til kveldsmat. Sist eg kokte graut, brukte eg grautris. Den vart smaklaus samanlikan med graut av jasminris.

Besta sa...

Heilt einig.Graut av jasminris er best. Unntaket er viss ein skal lage riskrem.Eg kokar alltid rikelig ris til middag, så frys eg resten og lagar graut eller suppe av den. Risengrynssuppe med rosiner er godt- og Trondhjemssuppe.

Alt godt sa...

Fine! Ein treng dei små sjølv om ein har stort hushald. Eg har kjøpt evatrio, dei er veldig solide og fine, med aluminiumkjerne og stål på utsida.

solveig sa...

Her har to vaksne karar flytta heimanfrå, så vi har minka ned til 2/3. No kan vi nok trekke vekk meir enn 1/3 i middagsstorleik.
Men så kjem dei heim att, og vi må ha større panner.
Eg kokar heile tida til for mange, men har funne ut at eg må ha ei mindre potetpanne t.d.
Det er det einaste som hjelper meg til å lage mindre mat...