laurdag 31. oktober 2009

Fyldig fiskesuppe


Eg har laga fiskesuppe eit par gongar i det siste med utgangspunkt i ei oppskrift i skulekokeboka og mamma si oppskrift.  Dette er populær mat i heimen.  Eg begynte med steg for steg-bilde, men gløymde å ta bilde av den ferdige suppa.  Ein kan greie seg med ingrediensane på det store bildet, men i dag hadde eg nydeleg torksefilet også. 

Eg starta med å koke opp
1 liter fiskebollekraft+vatn
1 fiskebuljongterning
1/2 ts salt (ev meir når ein smakar til suppa)
Så delte eg grønsakene i strimlar
2 små gulrøter
1/2 purreløk
2 tynne skiver sellerirot
Dette fekk koke litt før eg hadde på ristejamning
1 1/2 dl mjølk
3 ms kveitemjøl
(Her kunne eg vel ha brukt vatn sidan eg har i fløyte/rømme seinare)
Suppa fekk koke vidare 7-8 minutt.  Eg valde å ha fiskebollane i mot slutten.
Det som er "vanskeleg" er tilsmakinga. Eg hadde i
1/2 boks rømme
i dag.  Sist hadde eg i 1/2 pk kremfløyte.  Mengda sitronsaft vert ulik.  Til fløyte kanskje 1 1/2 ms, til rømme berre 1/2.  Her må ein smake seg fram.  I dag kom eg fram til at det er enklast med fløte.
fiskefilet
Denne skal berre trekke i suppa til slutt. 

Blogglesarane må gjerne kome med synspunkt på suppa.  Er det noko poeng å bruke eddik når ein har sitron i huset t.d?

2 kommentarer:

Besta sa...

Hadde du ikkje sukker i? Det er eit must for å få den fine sur-søte smaken. Eg likar best å bruke Creme Fraiche, då er det ikkje så mykje meir surt som skal til.Og så gjer det ikkje noko om suppa kokar etterpå. Nils har bestilt fiskesuppe til sundagsmiddag etter at han las innlegget ditt.

solveig sa...

Jau, når eg hadde rømme, måtte eg ha i litt sukker..., men med fløyte vart det søtt nok.