søndag 18. oktober 2009

Eg tok til meg handa att



Eg var på veg til å putte ein raud pakke med sylteflesk oppi handlekorga. Sylteflesk får ein vel kjøpt heile året, men no har dei fått raud innpakning. Dette var etter at eg hadde passert ein haug med dadlar.

Vidare låg der både peparnøtter og julemarsipan strategisk plassert. For ikkje å snakke om store mengder paparkakeboksar. Nokre av boksane var veldig fine.

Noko inni meg strittar imot å begynne på julematen midt i oktober. Men noko raudt hadde no snike seg oppi handlekorga. Eg var vel ikkje heilt upåverka. Men, sei meg, kor tid vart edamerost juleost? Vaksa dei i utgangspunktet edameren raud fordi han skulle seljast til jul?

I min barndom låg der meieriutsal i den gata i Ørsta som no vert kalla spøkelsesgate. Då fekk ein kjøpe edamerostar med bulkar litt rimelegare, reknar eg med. Framleis vert vel edamerosten laga i Ørsta. Den er alltid på tilbod før jul, og vi får høyre at han bør vere på alle julebord. Men er det ein juleost?

2 kommentarer:

Besta sa...

Det veit eg eigentleg ikkje. Trur han var meir heilårsost før? Eg har brukt å kjøpe Edamer til ei jul og ha den i kjøleskapet til neste, då blir han dobbelt så god. I år har eg ingen på lur, men der finst vellagra Edamer å få kjøpt også. Stort sett plar eg ete den åleine.......Apropos: Har de smakt vellagra Norvegia? Eg kjøpte eit stykke, men det kan eg ikkje gjere oftare.Han var altfor god!!!!!!!

solveig sa...

Det er lurt å kjøpe mange når det er tilbod. Osten held seg lenge, men ikkje her. Her vert han vert oppeten. lagra Norwegia er også godt, men dyrt. Spesielt viss den blir brukt til ostesmørbrød o.l.