søndag 25. oktober 2009

Moldensarar på middag


I dag har vi hatt triveleg besøk frå Molde.  Som observante blogglesarar kanskje ser, har eg kjøpt meg ny duk.  Eg fann den på eit 50-kronersbord på Kid torsdag.  Serviettane fann eg på ein butikk på same kjøpesenter som hadde "Halv pris på hele butikken".  Enkelte i huset kommenterer dei knørva dukane mine.  Venninna mi som vi var hos i går kveld, hadde skaffa seg nervøs fløyel frå Jysk.  Det spørs om ikkje eg og skal kjøpe meg nokre meter neste gong eg er i Ørsta.  Alternativet er sjølvsagt å ta fram strykejernet i god tid før gjestene er venta.

Kva som stod på menyen? I dag vart det god, gamaldags svinesteik med frukt og krem til dessert.

1 kommentar:

Besta sa...

Du har jammen fått alt til å stemme; duk, serviettar og glas.Eg stryk dukane mine, men ikkje alle er like fine etter eit opphald i skuffene. Men eg har EIN duk som er like glatt og fin etter vask, etter vask....utan stryking.Nervøs fløyel har dei i alle fargar på Jysk til ein veldig billig penge.