fredag 2. oktober 2009

Bok 61: Liv, død og galskap


Eg var i utgangspunktet skeptisk til denne boka, ikkje til forfattaren rett nok. Men når den skal handle om ei ung kvinne som gjer sjølvmord og vaknar opp med skada hjerte slik at ho berre har få dagar att å leve, då lurer ein på om dette kan bli vel sært, sjølv for meg.
--
Men boka handlar om så mykje meir. Psykiatrien får sitt. Fordommane våre vert utfordra. For kva er normalt? Kva gjer livet verd å leve? Skal vi leve for andre?
--
Eg ser at ein av anmeldarane her ikkje likte slutten. Det gjorde eg! Eg synest den var både overraskande og "logisk". Les boka!

1 kommentar:

Besta sa...

Det er lenge sidan eg las denne boka no, men eg hugsar at eg tykte den var god.