torsdag 15. oktober 2009

Bok 65: X-faktor?


Idéen bak denne boka er kanskje det mest spesielle. Paret som begynner å kjede seg, og som begynner å gå på visningar. Han får tilbod om å skrive eit filmmanuskript til ein såkalla erotisk film. Denne heiter sjølvsagt Visning. Kva er verkelegheit og kva er filmmanus? Manuskriptet vert forkasta, men dukkar det opp att? Kvifor går ho med parykk? Ho forsvinn, og det vert ei kriminalsak.
---
I byrjinga synest eg boka var heilt middels. Men etter å ha lese boka, må eg medgje at der er noko med den. Men det er vanskeleg å forklare kva det er. Kanskje det er denne X-faktoren?
---
Les meir om boka her.

1 kommentar:

Besta sa...

Eg ser at det er yndlingsforfattaren min som står bak boka, så då veit eg litt om kva ein kan vente seg. No realistisk og noko som ikkje er det.Og alltid noko å grunde på. Som regel heilt etter min smak.