torsdag 1. oktober 2009

Menneskemat?


Her ein dag kjøpte eg inn ulike lettvinte løysingar på middag slik at ungane kan lage skikkeleg middag når dei kjem heim, i staden for gryn og ostesmørbrød rett før middag. Slik matlaging fører til at ingen er svoltne til middag.
---
Eg veit ikkje kvifor eg treiv akkurat dette merket. Rett nok er eg ein typisk coopkunde, men eg har prøvd karbonadane ein gong før. Eigentleg burde eg ha lært! Desse kjøtkakene vaks i munnen på meg. Dei som kjenner meg veit at eg et det meste. Eg kan ikkje hugse å ha kasta mat fordi eg ikkje likar det eg får. Men desse kjøtkakene vart smugla i bossbøtta. Olaug gjorde det same utan at eg kommenterte det. Karane var ikkje så kresne.
---
Eg kjem ikkje til å kjøpe desse kjøtkakene meir, og blogglesarane er hermed åtvarte!

1 kommentar:

Besta sa...

Eg vart nesten litt nysgjerrig....fekk lyst å prøve om dei er så fæle som du seier. Men eg skal nok greie å motstå freistinga.
Hadde eg vore deg, ville eg ha skrive mi hjertens meining og sendt til produsenten/ Coop.