onsdag 7. oktober 2009

Gåvekortet


Det var ikkje vanskeleg å løyse inn gåvekortet på Røyset sko. Utvalet er godt både i sko og klede. I tillegg til desse høge, brune støvlettane, fann eg ein sid strikka "vest". Kor stor del gåvekortet utgjorde av kjøpesummen skal vere usagt, men eg sit att med ei kjensle av at dei gjorde ein god handel. Så får eg kalle meg fornøgd kunde.

6 kommentarer:

Besta sa...

Gratulerer med nye støvlettar!Dei ser fine ut! Før sleit eg enormt med sko, så då fekk eg kjøpe nye, ofte. Kjøper gjer eg no også, men dei varar og varer.

solveig sa...

Takk! Eg slit ein del sko, ja. Og så liker eg å ha både svarte og brune. Som du sikkert veit, er det kaldt å ha einetimar. Då er det greit å ha noko oppetter leggene, og så får ein hive av seg på kjøkenet.... I fjor hadde eg liggande ei tynn flisjakke på skulekjøkenet som eg bytta til saman med forkleet.

Anlen sa...

Eg vann eit gåvekort sist torsdag, og har tenkt kose meg med det! Det er jammen kjekt å ha gåvekort når ein skal ut og ha noko, alt vert så billig på den måten:)

arieldog sa...

På jobb plar eg seie at den einaste moten som gjeld, er lag-på-lag. Det er stor skilnad på å sitje stille og vere prøvevakt eller sjå film - og å førelese. Ein gong gjekk eg 2000 skritt i ein dobbelttime i norsk- dei fleste rundt meg sjølv og fram-og-attende ved lerretet.

Besta sa...

Støvlettane var enda finare i verkligheita enn på bildet. Eg følte meg veldig lita.....

solveig sa...

Eg liker meg på høge hælar. Då kjem eg meg opp på litt over snitt høgd, trur eg.