laurdag 24. oktober 2009

Bok 67: Brutal balanse



Dette er ei bok med mange sider, ikkje bokstavleg, men denne boka rommar mykje.

Utgangspunktet for boka er eit vanskeleg far-son-forhold.  Der far og son står steilt mot kvarandre politisk.  I ein fireårsperiode nektar sonen, altså forfattaren, å snakke med faren.  Faren les inn ting han har lyst til å seie, på kassettar.  Etter kvart finn sonen ut at han må skrive far si historie.  Her går han inn i noko han ikkje veit kva som vil kome ut av.

I byrjinga får vi høyre om Petter frå Raufoss.  Det er historia om den einsame guten som vert ihuga nazist.  Vi følgjer han i krigen der han mellom anna får alvorlege frostskadar i Ukraina.

Far vil ikkje fortelje alt.  Noko har han fortrengt.  Vi følgjer sonen attende til Ukraina.  Eit sentralt spørsmål er om faren var med på nedslaktingar av jøda.  Eit anna tema er anger.

Vert rasisten omvend på slutten av livet?  C. I. Hagen er for lite tøff for faren. Han melder seg inn i blåare/brunare parti.  (Her vil eg ikkje bruke namn som gjer at desse partia vert knytte til bloggen min.) Han bur i eit strøk med mange mørkhuda som han føler seg trua av.  Muslimar legg han for hat.  Ironisk nok får han ein pakistansk fastlege på sine gamle dagar. Han er den første legen som tek krigsskaden hans på alvor, føler han.

Dette er ei bok med mange forteljingar.  Når du skal skrive om far som er nazist og rasist, må du balansere alt du skriv.  Dette gjer forfattaren på ein meisterleg måte.  Boka er ein sterk kandidat til "Årets bok" på bloggen min.  Virkelegheita overgår ofte fantasien.  Dette er ei slik bok.  Og den er full av tankar som set lesaren sine tankar i sving, og den er ærleg.  Dette er ei bok som alle vaksne vil ha glede å nytte av å lese.

Les meir her - og les boka.

1 kommentar:

Lill sa...

Hei:0))
TUSEN TUSEN takk for tipset. DET VIRKA!!!!! Koseleg blogg du har. Eg legg deg til i lista mi eg
Smil frå Lill