laurdag 10. oktober 2009

Latskap er en dyd

.... i alle fall i matematikken! Dette brukte mattelæraren min på 2MNA og seie. Seinare i livet har eg overført dette til andre område. Kan ein gjere ting enklare, er ingenting betre enn det.
Bakar ein ofte og har to bakebollar, er det ingen grunn til å vaske bollen mellom kvar bakerunde. På bildet ser de ein hevedeig laga av 2 dl vatn, 3 dl kveitemjøl og ein ertestor bit fersk gjær ev. ei teskei tørrgjær. Hevedeigen lagar ein om kvelden før ein skal bake.
Deretter er det berre å ha i 1/4-1/3 pk gjær og bake etter vanleg oppskrift anten ein no blandar mjøl sjølv eller bruker ferdigblandingar.

I dag brukte eg 4-kornbrød blanda med sammalen kveite, fin.
Etter to timar hadde deigen heva nok. (I pausen var eg ute i hagen og grov opp knollar etter første frostnatt.)
Eg let maskina slå ned deigen. Og så eit lite triks; eg har i litt olje mot slutten.

Deigen blir litt feit på utsida, og eg kan bake utan mjøl og utan å skitne ut bakematta.

Eg treng heller ikkje å smørje formene. Og hendene vert ikkje tørre!
Brøda fekk heve i 45 minutt før eg steikte dei ved 200 g ca ein time. Formene er "like fine". Eg vaskar dei ikkje mellom kvar bakerunde.
Brød bakt med hevedeig vert gode på smak og smuldrar mindre enn brød bakte på vanleg måte. Berre prøv!

3 kommentarer:

Alt godt sa...

Det med å ha i litt olje til slutt er skikkeleg smart!

Milena sa...

Eg he alltid olje i baksten min,som regel raps olje,men til spesilet gode brød tar eg oliven olje :-)

solveig sa...

Til fine brød ville eg valt olivenolje som til focaccia. Elles vekslar eg mellom solsikkeolje og rapsolje.
Olivenolje er dessutan "medisin" for tørre hender.