fredag 23. oktober 2009

Vert bloggen nynorsk?

Det kan godt hende at dette er eit sånt "Velkomen etter"-innlegg.

Den siste veka har eg vore plaga med at bloggen min ikkje vert oppdatert på andre bloggar sine blogglister.  Det har gjort at eg har vore inn og sett på ein del innstillingar.  Under ser de at eg har trykt på nytt oppdateringsprogram.  Det ser no ut som på bildet over.

I dag skulle eg sjekke noko, og kom tilfeldigvis over "språk".  Eg var sjølvsagt raskt ute med å endre til nynorsk.  No er eg spent på kva for endringar som vil kome.

Ei anna endring: Eg har endeleg fått stilt klokka!

Kva med oppdateringa på blogglistene?  Nei, det er framleis eit mysterium.  I går sletta eg Besta sin blogg frå blogglista mi.  Då eg la ho inn att, vart ho oppdatert på alle sine bloggar.  Som ei naudløysing, la eg meg inn på mi eiga bloggliste.  Viss nokon veit ein betre metode, så berre gje meg eit hint!

7 kommentarer:

Besta sa...

No har eg prøvd meg på noko av dette, m.a. klokka og nynorsk. Håper bloggen også skifter over til "vintertid" i morgon.

solveig sa...

Dagane kom på nynorsk, men ikkje så mykje anna. Klokka har eg ikkje tenkt på.

Besta sa...

Eg ser no at overskriftene i sidefeltet ditt har skifta språkform i alle fall.

solveig sa...

Nokre av dei har eg laga sjølv. Uansett er det artig at nokon tek jobben med å omsetje!

Elin sa...

Er det vintertid denne helga??? Eg tykkjer du er modig som rotar rundt bak i systemet der (på dataen altså), eg er så redd for å slette heile greia at eg gjer berre det eg er mest trygg på. Men kom gjerne med oppdateringar som er trygge og gode.
Ha ei fin helg.

Besta sa...

Eg har det med å rote meg bort i det meste(når det gjeld data), men eg har lært(trur eg) og ventar på tips som er utprøvde.Så kom gjerne med gode idear!

solveig sa...

Det går begge vegar. Her gjeld det å dele det vesle ein kan og kjem over!