torsdag 8. oktober 2009

Fekk fiske, men ikkje fisk

I går og i dag har det vore tendensar til fint ver. På veg til Kjelsund i går stoppa eg og kjøpte meg ei sid boblejakke som kan avløyse regnkåpa eg har gått med hittil i år. Karane for på fisketur. Fangsten var heller mager, men vi lid inga naud.

I avisa i Ørsta kunne vi lese at det hadde regna i Follestaddalen 28 av dei siste døgna. Det er ikkje dei 28 som overraskar meg. Sei meg heller kva for to dagar det ikkje har regna!

På heimvegen regna det slik at vi måtte sette vinusviskarane på fullt, og vinden tok godt tak i bilen. Heldigvis er det lite bølgjer under fjorden.



4 kommentarer:

arieldog sa...

Valdagen var sikkert ein av dei - det var ein nydeleg dag.

solveig sa...

Og den andre?...........

Alt godt sa...

Når du skriv om dette minner du meg på kvifor eg enda opp i Oslo... 8 nedbørsdøgn i september, max pr. døgn 12 mm.

solveig sa...

Eg trur dette er verste hausten i manns minne her på Sunnmøre. Vi får stadig høyre om T-skjortever i hovudstaden.....