måndag 19. oktober 2009

Raud te

Venninna mi og eg trudde vi drakk rooiboste då ho var på besøk i haustferien. Etterpå har eg kosa meg med denne teen. Men eg hadde ein opna pakke i skapet som eg ville drikke opp først.

Her ein dag begynner eg å studere det som står på pakkane. På den raude pakken, som systra mi har kjøpt i Volda,kan vi lese om den sørafrikanske busken. Dei kallar han Rooibushte. Blogglesarane finn ein artikkel her. På pakken frå Cemo står der: Rooibos Jordbærdrøm Rød te med rund smak av vanilje og tørkede jordbær. Kva er det som gjer denne teen raud?
Eg måtte sjølvsagt prøvesmake teane. Mi subjektive meining er at den ekte teen har ein betre smak enn den frå Cemo som smakar likt alle andre frukttear.
Men kan denne marknadsføringa frå Cemo vere lovleg?

4 kommentarer:

arieldog sa...

Og kva fekk lesarane lyst på? Eg kan ikkje hugse kva tid og kvifor eg kjøpte den teen, men den må prøvast!

solveig sa...

Eg har lett for å bli kvalm av te, men den du kjøpte, var god.

Besta sa...

Sist eg hadde skaprydding, kasta eg tonnevis med gammal te-slik som eg har kjøpt t.d. fordi den lukta godt. Smaken var som regel eit vonbrot. No kjøper eg berre "vanleg" te, eller grøn te med sitron. Til eg fell for ei freisting......

solveig sa...

Der er nok ein del "juksetear" i omløp, billeg laga etter same lest, eller på same blad. Eg er var for dette, som sagt. Ta dykk tid til å lese om den helsebringande effekten av rooiboste frå Søe Afrika!