søndag 4. januar 2009

Bok nummer 1 2009: Spenning til siste slutt


Det er merkeleg at det vert lese mindre når ein har fri. Men vanlege ettermiddagar er folk opptekne kvar med sitt, og ein kan finne ei fredeleg stund i tomt hus.
---
I går kveld hadde eg ein CD att av 17. Vanlegvis somnar eg etter eitt spor. Men i natt høyrde eg ein heil CD. Det heng kanskje saman med at ein er utkvild etter to veker juleferie.
---
Eg har høyrt at dei to siste bøkene heng i hop, og heldigvis hadde eg den siste boka klar på MP3-en. For bok nummer to slutta svært spennande. Sidan eg veit at minst ein blogglesar held på å lese bøkene, vil eg ikkje røpe meir.
---
Etter mi meining er dette topp krim! Den er krevjande med mange namn og trådar. Les om forfattaren her og om boka her.

6 kommentarer:

Elin sa...

Gosha meg, er dette ein oppfølgar av den boka eg avslutta i natt? Eg må i så tilfelle skaffe meg denne og...SJØLV OM EG VAR SLUTTA Å LESE KRIM!

solveig sa...

Ja, det er det! Og du må som sagt ha begge! Eg har hatt lyst til å lese begge lenge. Dei hadde nr. tre på biblioteket, og då sette eg meg på venteliste på nr.2. Så mykje som eg høyrer og les, må eg satse på biblioteket!

Besta sa...

Eg har lese alle tre bøkene for lengst. Nummer ein likte eg godt, nummer to var spennande, men det var så vidt eg gadd å lese ferdig nummer tre.Då vart eg lei! Men eg er visstnok den einaste.

arieldog sa...

Ser du hermar etter bokteljinga mi - målet mitt var ei bok i veka, men det greidde eg ikkje i 2008. Kanskje i år? problemet er at eg likar tjukke bøker...

solveig sa...

Eg stal ideen din, ja. No har eg tre tjukke bøker liggande med dato 14. januar. Eg får rippe dei inn på maskina så lenge. Hvis ikkje må eg gå mykje tur.....

Laila sa...

Takk for tipset om Mustafa Can si bok. Den skal eg lese. Elles kan du berre glede deg til Stieg Larsson si siste. Eg las den på originalspråket - svensk - for eg greidde ikkje å vente til den kom ut på norsk.