tysdag 13. januar 2009

Hol i kunnskapane


Eg går rundt og trur at eg har lese minst ei av bøkene til dei mest kjende norske forfattarane. Denne veka har eg oppdaga eitt unntak: Falkberget. Eg tippar at mødregenerasjonen både har lese Nattens Brød og sett filmen om An-Magritt. Ikkje eg.
---
No driv eg og tettar hol. I dag har eg lånt filmen på skulen og sett han til ein utvida ettermiddagskaffi. Den fjerde nattevakt lånte eg på biblioteket i går. Ho får stå i kø.
---
P.s.
Eg har sett Bør Børson på TV.

4 kommentarer:

Besta sa...

Eg har lese Den fjerde nattevakt. Den var grei! Sleit meg igjennom bøkene om Ann Magritt også, men det var tungt. Dette er MANGE år sidan. Dette er bøker som ein absolutt burde lese som lydbøker. Las alle seks bøkene om Juvikfolket(Duun) -som lydbøker. Hadde aldri kome igjennom på papir. Kvifor? Stikkord:Dialog+dialekt!

arieldog sa...

Heilt einig med Besta om det med dialektar - ganske slitsamt dersom ein ikkje kjenner dialekten frå før. Filmen "An-Magritt" har eg sett, men han gjorde ikkje særleg inntrykk. Eg satsar på å vise "Kristin Lavransdatter" i år òg, når vi kjem til nyrealismen.

solveig sa...

Vi las eit lite utdrag, d.v.s. eg lasdet, omsette det og attfortalde det. Historia om valdtekta og episoden med gapestokken er eigentleg engasjerande. Men det er eit spesielt vanskeleg språk, ja. Filmen er ikkje noko for mi klasse.

Hildegard sa...

Takk for tipset frå Besta om lydbøker for denne type lesestoff.
Synes det er litt trist at dei gode, gamle forfattarane blir gløymde i all litteraturen som er tilgjengeleg no til dags. Men slik er det vel berre med det meste...
Eidabesta