onsdag 14. januar 2009

Kvardagsmiddag


I frysedisken får ein kjøpt lakseskiver til under 40 kr kiloen. Kvardagane treng ein mat som kan lagast medan potetene, eventuelt risen eller pastaen, kokar. Laksekotelettar er sunt og lettvint.
--
Men skal vi støtte oppdrettsnæringa? Etter at dei har starta torskeoppdrett melder yrkesfiskarar om "unaturleg" fisk i fjorden. Kven skal ein tru på? Folk som har fiska i 50 år eller oppdrettarane?

7 kommentarer:

Besta sa...

Seinast i dag snakka Nils med ein som hadde fiska og ete av den "unaturlige" fisken-ingen ting i vegen med smaken. Sa han.

solveig sa...

Det var no endå godt! Eg har høyrt folk seie at oppdrettstorsk ikkje er etande. Elles må eg seie at eg fekk eit lite prissjokk då eg såg at frosen torskefilet frå Vartdal kosta 129 kr kiloen med skinn og 139 utan!

Anlen sa...

Eg er jammen glad eg har ein svoger som er yrkesfiskar;) Vi får rett som det er god fisk!! Og det beste er at svigermor lagar fiskekaker som vi får fleire porsjonar av... Det passar bra til dagens husmødre!

Milena sa...

Sist eg kjøpte frosen fisk,var den ikkje god.Vil helst ha fersk fisk,men kor fersk er den i kjøledisken på butikken?

solveig sa...

Den frå Vartdal meiner eg er frosen på havet. Då er eg mykje meir skeptisk til ferskdiskane!
Det var til skulen eg skulle ha fisk. Vi lagar seibiff denne veka,og så skal dei velge neste veke. Vi får håpe dei vel sei....
Til oss sjølve får vi satse på Håkon og Besten.

Besta sa...

Ja, no har eg strikka ferdig vottane, skal berre feste trådar og tove dei.Så kan han i alle fall ikkje skulde på kalde hender om han vil ut og fiske. Det var tilbod på Findusprodukt på Mega i går, men der var utplukka. Veninnene sa at dei hadde fått påfylling i dag. Det einaste eg kunne tenkt meg frå ferskvaredisken er røykt fisk. Men for nokre prisar!!

arieldog sa...

Vartdalsfisken er heilt ok, og når ein kjøper den skinnfri, er det lite arbeid i å varme den. Favoritten vår er grønsaker, fisk og crème fraiche i omnen. Inspirert av Solveig, sjølvsagt. Grønsakene varierer vi mellom frosne og friske alt etter kva ein har i hus, men purre bør der vere.