måndag 26. januar 2009

På brødskiva


I dag skal de ikkje få vite kva eg har hatt til middag ;-) De skal derimot få vite kva eg har hatt på brødskivene.
---
Eg er eit vanemenneske. Til frukost må eg ha grovbrød med sylte, og til skulemat må eg ha grovbrød med Innherredsost. Når eg har ferie, vert brunosten gamal.
---
For det meste går det i rørt heimelaga sylte. Av og til kokar eg sylte med lite sukker som gjev frisk bærsmak.
---
For nokre veker sidan fekk eg så lyst på kirsebærsylte. Men medan butikkane har eit (altfor?) stort utval av til dømes jordbær- og bringebærsylte, er det omtrent umulig å få tak i eit glas kirsebærsylte. Fleire butikkar har tatt inn det nye merket "Lerums utvalde", men sjølvagt då ein ny type jordbær-, bringebær-, aprikos- eller andre av dei sortane det finst i alle merke. Torsdag hadde eg hellet med meg. Meny i Ulsteinvik har tatt inn kirsebærsylte!

2 kommentarer:

Milena sa...

Også nype sylte er ikkje lett å få tak i....det likar eg,men bare eg familien.Og eg prøvde å lage den sjølv,vanskelig og tidskrevande.Like greit å kjøpe av og til.

solveig sa...

Eg har fått ei nydeleg oppskrift på nypesylte av Signe. Den er med sitron og veldig frisk og god. Viss det er berre du som et, er det kanskje bryet verd....