søndag 18. januar 2009

Bok 3:Trådane vert samla?



No har eg lese ferdig alle bøkene i trilogien. I denne boka vert trådane samla i følgje ein av kritikarane. Sjølv meiner eg at her ligg stoff til fleire bøker. Dessverre døde forfattaren. Men han etterlet seg visst ein del stoff til ei fjerde bok.

Eg har sansen for hovudpersonane i boka. Den sjarmerade journalisten saman med den vesle, sterke, superintelligente jenta, utgjer eit interessant team. I andre boka hamlar Lisbeth om med store, sterke menn slik at vi får assosiasjonar til Pippi. I tredje boka ligg ho til sengs og må bruke intelligensen og datakunnskapane sine.


Dette er topp krim, men det er mykje å halde greie på, så eg forstår dei som synest boka kan bli litt langdryg. Men det er synd at framhald ikkje følgjer.

3 kommentarer:

Besta sa...

Ein av grunnane til at eg ikkje var UDELT begeistra for desse bøkene,var at eg tykte dei var grovt voldelige og så vart det litt for mykje SEFO.Pippi-figuren er eventyrleg og fascinerande,men ikkje så veldig realistisk. Eg blir ofte skuffa over oppskrytte bøker. Det har med forventning å gjere.

Elin sa...

Ja, volden er forferdeleg, veit ikkje om eg orkar å sjå filmen, men det er fasinerande lesnad, eg held no på med bok nr. 2. Er det noko spesielt med Salander og Zala (litt like namn?) Eg har mine mistankar.

solveig sa...

Du er inne på noko der, ja!