torsdag 1. januar 2009

Det fins berre ein majones....


Dei som trur på den reklamen, tek feil. Det har eg lært i dag. Eg har vore på vareteljing på den matbutikken med størst utval på Hareid. Konklusjonen er at utvalet må vere for stort.
---
Etter å ha talt opp alle tannkremar, hårfargar og strømper, hamna eg i hylla for salatar og silder. Kor mange bagettsalatar treng ein i tillegg til smørbrødsalatane. Kor stort utval treng ein i rødbetsalat? Kor ofte kjøper ein det? Når ein har talt sursild, kryddersild, tomatsild, sennepssild og rømmesild i eitt merke, så dukker det opp eit merke til! For å sitere ein eg hamna i fiskedisken med til slutt "Heisse det, trur du ikkje her er laksesuppe innimellom fiskesuppa!" Då er det berre å sortere og telje på nytt.
---
Elles håper eg butikkane har vit å sette ned prisen på alle julevarene før dei går ut på dato.

6 kommentarer:

Anlen sa...

Eg var på den same butikken i fjor, og talde suppeposar og denslags. Ørten ulike typer! Og kva skal ein med så mange typer potetstappe????

solveig sa...

Eg tippar dei argumenterer med at det finst folk som liker kun det eine spesielle merket. Men det må verte veldig fordyrande. Eg er tilhengar av gode råvarer!
Potetmos frå pakke vert neppe noko festmåltid uansett.....
Eg forstår sjølvsagt at folk ikkje har tid til å lage alt frå grunnen av kvar dag.

Besta sa...

Dette har eg faktisk vore klar over lenge. Det er altfor mange variantar av kvart vareslag. Noko som sjølvsagt er fordyrande.Potetmose frå pakke var NØD-proviant i travle tider her i huset.Smakar pyton uansett merke.

STRIKKEMOR(O) sa...

Vi hadde klart oss med færre variantar, ja! Då eg var i USA i sommar, såg eg at vårt utval er bagatellmessig i forhold til det dei har. Det tok veldig lang tid å finne ut kva ein skulle ha. Men dei likar det visst slik....

Besta sa...

I min barndom var det stort sett ein type vaskepulver, ein type ditt og ein type datt. Ville ikkje hatt det slik heller, det er to måt med alt.Og i Amerika er dei jo langt fleire enn oss. Men det hadde vore RASKARE å handle om vala var færre.Og ikkje så langt å GÅ !

solveig sa...

Eg handlar mest på Prix. Der er det lite utval eigentleg. Vi klaga mykje då det gjekk frå Mega til Prix. No ser eg at mindre utval gjev ca 10% lavare prisar. Men ein må innom spar, Mega eller Meny av og til........