fredag 9. januar 2009

Sal



Det kan vere lønsamt å gå på sal, men det er også lett gjort å kjøpe kle som berre vert hengande ubrukte i skapet. Eg har nokre "reglar" for sal:

- Sal er sal. Eg let meg ikkje "lure" til å kjøpe varer på full pris.

- 50% er sal. Eg bit ikkje på 30 % og absolutt ikkje kjøp 3 betal for 2.

- Kjøp heile antrekk. Aller helst kle som du har hatt lyst på til full pris tidlegare.

Den siste regelen braut eg onsdag. Eg kjøpte meg ein topp og ei bestebukse som vil bli eit fint antrekk berre eg finn ei høveleg svart jakke til. Så kva har eg gjort på i dag? Jau, sidan eg skal vekk i morgon kveld, har eg tråla alle klesbutikkane i dei to næraste kjøpesentra etter ei passeleg sid jakke. Etter 1 1/2 time var eg temmeleg stressa. Var der fleire butikkar att? På veg ut frå siste kjøpesenteret kom eg på butikken mamma fann seg ei T-skjorte på i sommar. Og, heldigvis, der låg jakka! Den var passeleg sid og hadde fin fasong. Prisen? 50%!

4 kommentarer:

Besta sa...

Går ut frå at du meiner An Chri? Eg FANN ei T-skjorte der i sommar som kosta 400 kr, men kjøpte den ikkje. Fann same toppen på Miss B her, og DÅ kjøpte eg den!
Eg visste kva eg var på utkik etter då eg handla til halv pris sist laurdag-det gjeld å ha ein plan.

solveig sa...

Det stemmer. Eg skriv litt i "gåter" for å ikkje legge ut for mange linkar. På kommentarane gjer det ikkje noko.
I Ulsteinvik og her begynte salet onsdag.

arieldog sa...

Eg handlar berre til ungane på sal, og det er utruleg kor billege klede ein kan få tak i. Eg handla frå meg førre laurdag og måndag, og så rydda vi skap og skuffer i helga. Passeleg motivasjon. Sjølv ventar eg til vårnyheitene strøymer inn - til full pris...

solveig sa...

Åtvaring: Vi har også rydda, gje plass!!
Vi var i "juleselskap" i går, då er det greit med noko nytt til halv pris....