laurdag 3. januar 2009

Juleblada

Øystein har ført vidare ein juletradisjon frå sin barndom. Juleblada vert tatt ned frå loftet lisjejulaftan eller tidleg på julaftan. Vi har blad frå 80-talet og framover. Kvart år vert nye blad lagt i kassa. Her er mykje artig lesestoff. I dag er spørsmålet: Kor tid skal dei oppatt?

2 kommentarer:

Besta sa...

Ei historie frå "gamle dagar":På Totlands bokhandel på Eid innreidde dei før jul eit lite bakrom med julehefte, teikneserieblad etc. der vi kunne gå inn og sjå på herligheita. Vi bladde i hefta, las vel litt, og det var himmerike på jord.Ingen kom og skjente for at vi var der for lenge eller bladde for mykje! Berre dei som vaks opp i tida under og etter verdskrigen kan forstå kor stort og eventyrleg dette var.Butikkane elles hadde ikkje så mykje som frista.Og blada var mykje dei same som no:Vangsgutane, Smørbukk, Stomperud osb.

solveig sa...

Det var det eg vil kalle eit sosialt tiltak!