laurdag 24. januar 2009

Feiring







I dag har vi feira Håkon sin 15-årsdag. Det var Audun som fekk hente opp duploen i dag. Han har vel rom nærast.



Eit par månader er begge 15.




Desse to er 6. klassingar og vert 12 år i år.

4 kommentarer:

arieldog sa...

På mi maskin viser berre Audun på biletet av duplotårnet - heile biletet kjem fram dersom eg trykkjer på det, då, men då er det veldig stort...

Besta sa...

Takk for ein hyggelig dag! Med altfor mykje god mat;ikkje heilt uventa. Elles viser det seg som så ofte før at ein aldri blir for gammal til Duplo.

solveig sa...

Eg har sagt det før; Duploen min får du aldri! Men eg trur eg har vore flink å kjøpe Duplo som gåve. Det har vore favorittleika mi, og eg har leika med fire born! Sist eg var på biblioteket møtte eg på ei dame som lånte Karius og Baktus. Stakkars Olaug, tenkte eg, eg trur ikkje eg las den til henne. Nok var nok.
Duplo derimot....

Besta sa...

Karius og Baktus kan eg utanboks, det var einaste måten å få i Rasmus mat, at eg las den boka attåt kveldsgrauten.Vi leika med lego då de var små også, men vi hadde berre litt oppi ei bytte. Men det var no kjekt likevel.