onsdag 28. januar 2009

Focaccia - steg for steg

Mi venninne M har lært meg å like og lage focaccia. Utgangspunktet er ein lys deig med lite gjær (15 g eller 1/4 pakke er nok til 4 dl vatn , 1ts salt og 9-10 kveitemjøl) og mykje olivenolje (4 ms). Deigen må knaast godt. I dag let eg brødbakemaskina gjere den jobben, og så etterheva eg deigen i ein rund stålbolle. Oppå deigen heller ein litt olivenolje. I dag var eg litt raus ser de, men då kutta eg ut å pensle forma.
Her har deigen heva til dobbel storleik. Då brukar eg ei deigskrape og får deigen forsiktig over på plata. Inga elting skal til her.

No er deigen elastisk og fin, og ein formar han lett til eit flatt brød. Dette gjev store porar i brødet.

Set til etterheving.

Bruk fingrane og stikk hol i brødet. Ha over t.d. 1 ts havsalt og 1 ts tørka rosmarin. Steik ved 200 g. Ein må tole å få olivenolje på hendene, men det gjer godt for mine hender i alle fall.
Tidlegare brukte vi focaccia til bacalao, og det er sjølvsagt godt. Men det er nydeleg til røykelaks og spekemat. Ost er godt til focaccia. Oliven er godt anten til eller oppi.
P.s
Eg har høyrt rykte om ein ny trend i byen, d.v.s. tettstaden med to kjøpesenter. I staden for potetgull maular dei no ulike sortar oliven. Eg er svært glad i oliven, men liker ikkje slike med steinar. Dei kan teljast etter måltidet.




10 kommentarer:

Besta sa...

Dette brødet er veldig godt, altfor godt til at vi kan ha det her. Eg likar godt oliven også, særleg den salte, grøne.Det blir ikkje ete så mykje av det om vinteren, meir i salatar om sommaren.Synest ikkje at salatgrønsakene er særleg gode om vinteren.

Milena sa...

Alt som er trend nå....tar nå sin tid før det kjøme til Noreg,he,he...

Focaccia så bra ut.Det er FLATBRØD fra Italia og man kan ha på toppen nesten alt,fra poteter til løk ...og masse oliven olje!
Eg lika min med rosmarin,da er eg nesten "heime".

solveig sa...

Det eg fekk høyre i dag, var at oliven er noko ein må venje seg til.
Eg åt grøne oliven første gong på Mallorca i 1983, som forrett attåt rista brød, og likte det med ein gong.
Elles måtte ein ha mange ulike sortar som snacks..........

Elin sa...

Kva slags tettstad har fått bystatus no?
Foccacia er fantastisk. Fekk lyst å lage det no. Eg elskar oliven og, også dei med steinar! Kan gjerne maule..men ikkje for å vere trendy. Kaloririkt er det og..
Vedrørande trendar, du har vel høyrt at etter at gud og kvar mann begynte med kvitløk, måtte dei mest trendy gå over på heil ingefær..

Besta sa...

Heil kvitløk, heil ingefær og oliven har eg alltid i hus. No har eg ete speilegg+svarte oliven til kvelds.Oliven inneheld feitt, sjølvsagt, men av den sunne typen.Eg likte oliven første gongen eg smaka det, men det er ikkje så rart. For eg likar ALT !

solveig sa...

Ulsteinvik er by, medan Volda som har både høgskule og sjukehus framleis er bygd. Forstå det den som kan.

Elin sa...

Ulsteinvik by???
Må fortelje om kor kjekt vi hadde det på mat og helse i dag. Vi hadde skalkefest. 6.klassingane inviterte fadderborna i 1. klasse på restar av grauten + restar av lussekattar + vafler. Det var høgtidleg. Skal ha same runden med hi gruppa i morgon. Blir ikkje matpause på meg då heller...
Etter svaret til Besta er no ho veldig kul, med begge deler...hehe. Eg likte absolutt ikkje oliven før eg blei godt vaksen.

Anlen sa...

Den foccacianen til M. er fantastisk! Eg bestilte brød av henne til konfirmasjonen, og det var ein stor suksess. Ho steikte brød om morgonen, og vi kunne hente lunka brødvarer på veg heim frå kyrkja. Det var nesten det beste på koldtbordet:)

solveig sa...

Det er kjekt med fadderbarn både for store og små!
Matpausen har lett for å bli kort når ein har mat og helse. Eg har heldigvis fri 4. time når eg har vakt i matfriminuttet. Torsdagane går ofte matpausen til å ta imot varer.
Elles vart også Fosnavågen by for nokre år sidan.
Stormannsgalskap?

arieldog sa...

Litt artig; både Gubben og eg hadde, uavhengig av kvarandre, fått lyst på focaccia før vi las bloginnlegget ditt! Eg laga det ein gong etter italiensk oppskrift med blåmuggost og raudløk på toppen. Nydeleg! Her har vi brukt det mykje til suppe, spesielt "krema" og litt milde supper.