søndag 25. januar 2009

Bok 5: Meir enn krim


Tidlegare i veka skulle det vere eit program om at kriminelle lærer av krimseriar på TV. Eg les vel fleire krimbøker og ser fleire krimseriar enn dei fleste, og kva har eg lært? Jau, sanninga kjem fram til slutt. Om du har gjort noko gale, så bryt saman og tilstå med ein gong.
---
Denne boka er eit døme på det. To unge menn viklar seg inn i ei kriminell handling som fører nye med seg. Boka startar med at to unge menn tek med seg den tredje ut på eit vatn, vel vitande om at han ikkje kan symje, og let han hamne uti og drukne. Vi aner at her ligg det mykje under.
---
Karin Fossun skildrar personane i boka grundig. Ho får godt fram korleis ein sterk personlegdom kan dominere i ei gruppe. Les meir her. Elles må eg tilføye at eg også likte slutten. Det er det ikkje alltid ein gjer.
---
Sidan eg har høyrt denne boka som lydbok, må eg tilføye at Nils Ole Oftebro gjer ein fantastisk jobb!
---
P.s. Den beste boka til Karin Fossum er Elskede Poona.

4 kommentarer:

Besta sa...

Gode krimbøker MÅ innehalde meir enn sjølve handlinga!!!Karin Fossum sine bøker plar vere gode, særlig Elskede Poona, den var så rørande.Denne som du har lese no, har eg ikkje fått tak i enno.

arieldog sa...

Elskede Poona hadde ein forvirrande slutt, elles er eg einig. Det er noko med sjangerforventningar; ein forventar full oppklaring i ei krimbok.

Besta sa...

Det forundrar meg at så få les Arnaldur Indridason sine krimromanar. Dei står alltid på plassi hylla på biblio. Og dei er GODE.

arieldog sa...

Karin Fossum er god ved at ho presenterer personane grundig, og ved at ho forklarer kvifor brotsverk vert gjorde. Ofte er det mistydingar og fordomar som fører til at sakene vert innvikla.