måndag 5. januar 2009

Kvardag=kaffi utan kake


Det er ikkje vanskeleg å legge om til "eit betre liv". Verre er det å gå tilbake til magrare tider. Her i huset er det ikkje "kaffimat" til kvardags. Vi drikk ein kopp svart kaffi etter middagen. I jula har det vore rikeleg med kaker og dessertar. Dei kakene vi har att no ligg i frysaren, heldigvis kanskje, og der skal dei ligge til januarbarnet har fødselsdag.
Vi får berre venje oss til søtsmak frå frukt!

3 kommentarer:

Elin sa...

Elles så forstod eg brudgommen slik at desse søkjemotorane lever sitt eige liv uti rommet og gjer til at ein får mange treff som ikkje står fysiske menneske bak, om du forstår (eg forstår ikkje). Og så blir det kanskje registrert når ein surfar og går via via.

Elin sa...

Beklagar at eg rotar slik med kommentarane i kveld, det er ikkje alltid eg får til å lagre dei.
Skreiv eit langt innlegg til deg i stad, og det berre forsvann.

solveig sa...

Eg vurderer å ta den vekk.
Uansett kor mange treff eg har, er eg obs på at eg har mange ulike folk innom. Det prøver eg å ta omsyn til samtidig som det kan ikkje verte heilt tannlaust heller.
Bøkene legg eg ikkje ut under titlar, sjølv om eg veit at minst to bibliotekarar er innom bloggen.